– Auto-pilot til Tesla om tre år

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bilar som køyrer sjølv er noko Google og fleire bilprodusentar har jobba med lenge. Men forventningane til at det faktisk kan bli noko av, skyt no i vêret etter at Tesla-gründer Elon Musk har kasta seg inn i konkurransen.

– Tesla Motors jobbar med å laga ein bil som kan gå på auto-pilot innan dei neste tre neste åra, seier Elon Musk til avisa Financial Times.

Til avisa seier Musk at auto-piloten vil ta hand om 90 prosent av kontrollen over bilen. Ein bil som køyrer heilt på eiga hand vil koma seinare. Ifølgje Elon Musk vil heile teknologien bli utvikla av Tesla Motors sjølv.

El-bilen Tesla Model S var i første veka i september Noregs mest selde bil.

Førebels krev EU-regelverk at alle bilar er under kontroll av ein sjåfør. Men fleire amerikanske statar har opna for førarlause bilar.

LES OGSÅ:  – Bilen må ta rattet frå menneska

Kan hindra ulukker
Kvart år blir kring 1,3 millionar menneske drepne i trafikken verda over. Verdas helseorganisasjon meiner talet vil stiga til 2,3 millionar i 2030. Dei aller fleste av dødsulukkene skuldast menneskelege feil. Men strenge krav til tryggleiken for førarlause bilar, kan ein hindra mange av ulukkene.

I fjor haust hadde dei førarlause Google-bilane tilbakelagt kring 500.000 kilometer på amerikanske vegar. Dei siste 80.000 kilometrane utan at nokon som sat på i bilen måtte gripa inn for å hindra uhell.

LES OGSÅ: – Menn bør ikkje få førarkort før dei er 23 år

Fleire bilprodusentar jobbar òg med teknologiar som utnyttar vegane betre. Ifølgje Sebastian Thrun, leiar for Stanford Artificial Intelligence Lab, kan kapasiteten til vegane aukast med to eller tre gonger så mykje trafikk.

LES OGSÅ: Grønare med førarlause bilar

Sjekk ut korleis Google sin sjølvkøyrande bil funkar her:

Faktaboks

Elon Musk er leiar for Tesla Motors, og kjent for å tenkja og gjennomføra store teknologiske prosjekt. Han tente pengar på nettbetalingsløysinga PayPal og er den første som har utvikla kommersielle romfartøy gjennom selskapet Space X. For fem veker sidan la Musk fram planar for framtidas framkostmiddel som vil frakta menneske i 1200 km/t gjennom røyr.