Feirar 100 år med norsk animasjon

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fleire og fleire byrjar å få augo opp for norsk animasjon. Norsk animasjon har blitt meir anerkjent i det siste, seier Ivan Dujmusic dagleg leiar ved Norsk Animasjonsentrum. Han kjem sjølv frå Kroatia, og på den siste animasjonsfestivalen i Zagreb var det ein presentasjon av 100 år med norsk animasjon. Og i fjor hadde den internasjonale animasjonsfestivalen i Hiroshima den største mønstringa av norsk animasjon nokon sinne. Festivalen blir rekna som verdas viktigaste.

Det var med Anita Killi sin film Sinna Mann at Japan fekk augo opp for det høge nivået innanfor norsk animasjon.

Fleire norske filmar har hevda seg skarpt på festivalar og i konkurransar. I 2007 vann Torill Kove Oscar for beste animerte kortfilm med Den danske dikteren.

Jubileumsutstilling
Torsdag 19. september opnar festivalen Animation Volda. Animatatørar frå heile Norden og Baltikum kjem for å visa fram kva dei har laga og sjå andre sine verk. Her blir dei beste valde ut for å delta på den endå meir prestisjefylte festivalen i Fredrikstad.

Animation Volda markerer samstundes at det er 100 år med norsk animasjon.

– Det byrja med ein liten snutt om Amundsen si reise til Sørpolen, fortel Ivan Dujmusic. Filmen blei laga av karikaturteiknar Sverre Halvorsen.

I kjellaren på Sunnmøre kulturnæringshage ligg det skattar frå 100 år med norske animasjonshistorie. Norsk Animasjonssentrum blei etablert i 2012. Her finn du både klassikarar, og nyare film. Mellom anna finn du nokre av teikningane til “Take on Me”-videoen til A-ha.

På animasjonsmuseet har dei også workshop for barn og vaksne.

– Det er viktig for oss å visa at animasjon ikkje berre handlar om barnefilm, seier Ivan Dujmusic.

LES OGSÅ: Frå Volda til Cannes på eitt år

Gudfaren
Ivo Caprino er kjent for dei fleste med tolkinga av folkeeventyr og ikkje minst Flåklypa Grand Prix – Noregs mest sette film gjennom tidene. På museet kan du også sjå minne frå denne.

Men truleg er det britiske Bod Godfrey som har sett flest spor etter seg i det norske animasjonsmiljøet. På Animation Volda held Tom Lowe ei eiga førelesing om Godfrey, og du kan sjå teikningar av Godfrey i jubileumsutstillinga.

– Bob Godfrey er gudfaren i norsk – og britisk – animasjon, seier Ivan Dujmusic dagleg leiar ved Norsk Animasjonsentrum. Fire gonger blei han nominert til Oscar for beste korte animasjonsfilm.

Mange norske animatørar har gått i lære hos Godfrey, og han har samarbeida med Kine Aune på filmane om Kevin. I april 1986 leia han ein 12 dagars verkstad i Volda der dei fleste av dei norske animatørane deltok.  Dette seminaret la grunnlaget for animasjonsutdanninga i Volda. Godfrey døydde i vinter, 91 år gamal.

LES OGSÅ: Utradisjonelle bygdeselskap

Populær utdanning
Høgskulen i Volda har ei populær bachelorutdanning i animasjon. Dei har òg eit engelskspråkleg kurs i animasjonsproduksjon.

– Me har mange utanlandske studentar. Mange synest me har veldig bra utstyr her, og ikkje så mykje teori, samanlikna med heimlanda deira. Her i Volda er animasjonsstudiet ein del av medieutdanninga, og ikkje ein del av kunstakademia, slik det ofte er i Aust-Europa, forklarer Ivan Dujmusic.

Les siste filmnytt her!

Sjå nokre av dei nyare norske klassikarane under: