Utradisjonelle bygdeselskap

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

  I 2007 etablerte Linda Fagerli Sæthren Lassofilm i Volda kommune. Eit produsjonsselskap for film og tv, som i hovudsak arbeider med animasjon. 

Selskap som typisk høyrer bybilete til, skulle ein tru. Men no kan det sjå ut som om fleire henger seg på denne trenden. 

Gjer det bra

Sæthren har arbeida med reklamefilmar, ein musikkvideo og filmen «Janus» som ho har fått ei rekkje prisar for.

I desse dagar aktuell med animasjonsfilmen «Støv på stiften», der vi igjen møter karakteren Janus og hans nostalgiske samling av Vinylplater. Produksjonen av filmen har heldt på sidan 2009. Lanseringa skjedde på Blått Lerret i Oslo i fjor, men Volda fekk i år æra av den første kinovising av Støv på stiften.

– Eg har fått god og avgjerande støtte og mange dyktige menneske har vore med i prosessen, fortel regissøren.

Avgjerande Volda

Vi spør om korleis det er å drive eit slikt selskap i Volda.

 – At eg starta opp i Volda har vore heilt avgjerande for meg, for å kome så langt som eg har gjort. Med dokkefilm treng eg stor plass, her har eg lågare utgifter enn det eg ville hatt i Oslo eller andre byar.

– Og så er folk svært velvillige, eg opplever at innbyggjarane her stolar på kvarandre og er hjelpsame. Det er nok eit godt dugnadsmiljø, der ein er oppteken av at ein skal lukkast og at ting skal skje, seier Sæthren.

Relevant studentmiljø

Høgskulen i Volda har ei internasjonalt kjend animasjonslinje, som verkar positivt inn på arbeidet til Sæthren.

 – Det er heilt klart eit gode å ha Høgskulen i nærleiken, der er det mange som har god kompetanse på feltet og eg opplever eit godt samarbeid med institusjonen, fortel ho.

Sjølv bidreg ho også ein gong i blant som gjesteforelesar for studentane.

– Eg trivst veldig godt i Volda, avsluttar ho.  

Selskap i fotspora

I 2010 pakka Line Kibsgaard Sjøhelle og Didrik Morits Hallstrøm kofferten og flytta frå Oslo til Volda, der dei starta reklamebyrået Kib & Morits.

– Vi flytta først og fremst fordi vi ville bort frå mas, bråk og støy i Oslo. Etter eit besøk i Volda, forelska vi oss heilt i staden. Vi fant ut at Volda og omkringliggjande distrikt mangla eit «all-round» reklamebyrå med fokus på tradisjonell marknadsføring og kjærleik for den «gode idé». Ein anna fordel med Volda er at staden si tilknyting til fly og buss, fortel dei to til Times New Volda

Eit anna selskap som i desse dagar nærmar seg Volda er FireGrader*, eit studio som arbeidar med 3D i form av animasjon og illustrasjonar. Ricardo Bjerke er mannen bak selskapet som først starta opp i Rio de Janeiro, der Bjerke kjem frå.

Kulturnæringshage for Søre Sunnmøre

Den nyetablerte «Kulturnæringshagen» på Søre Sunnmøre skal vere med på å legge til rette for fleire selskap som dette.

– Vi gir støtte til nyetablerte kulturbaserte verksemder, og til kreative næringar i regionen. Vi har eit spesielt fokus mot Høgskulen. I staden for at studentane går ut av Høgskulen og så etablerer eigne selskap andre stader i landet, kan vi bidra dersom dei ynskjer å etablere seg på Sunnmøre. Vi skal bidra til fødehjelp til minimum 30 levedyktige verksemder i regionen innan 2016, fortel engasjert leiar for Kulturnæringshagen, Martin Foldal.