Ljoskos forureinar heimen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forsking: Ljos forureinar heimen

Ei ny dansk undersøking viser at danske heimar er like forureina med usynlege nanopartiklar som ein typisk heim i Beijing. Forskjellen er at medan kinesarane er utsett frå forureining frå vegane, blir forureininga i danske heimar skapt av stearinljos og matlaging, skriv Forskning.no.

LES OGSÅ: Ulik prislapp på forureining

Kartlegg skadeomfanget
Forskarane er no i full sving med å behandle resultata frå undersøkinga for å finne ut om forureininga i danske heimar er skadeleg for lunger og hjerte. Sot frå stearinljos og frå matlaging inneheld nemleg såkalla ultrafine partiklar som er så små at dei kan trenge inn i cellene i kroppen.

LES OGSÅ: Dårleg luft vil drepa millionar kvart år

Forureining frå brødristar
Den danske undersøking viste at i heimar der det blei brent stearinljos, stod ljosa for nesten to tredelar av den samla innandørs forureininga. Matlaging og risting av brød i brødristar var også store bidragsytarar til forureininga.