mm
Fakta

Miljøavgift: Skal korrigere for negative effektar ulike aktivitetar har for miljøet.

Klimakvoter: Løyve til å sleppe ut eit tonn CO2, som er fritt omsetteleg.

Klimagassar: Klimagassutslepp omfattar karbondioksid, metan, lystgass og fluorgassar.

LES FAKTALUKK FAKTA

I 2010 betalte næringslivet nær 60 prosent av dei totale miljøavgiftene. Resten fall på hushalda.

LES OGSÅ: KrF vil gjera drivstoff dyrare

Drivstoff dominerer
I 2010 betalte norske aktørar nær 30 milliardar kroner i miljøavgifter og klimakvoter. Det kjem fram i ein fersk rapport frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

I rapporten har SSB sett på avgifter på utslepp til luft, veibruk (til dømes støy), avfall og andre miljøproblem som bruk av kjemikaliar, plantevernmidlar og mineraloljar.

Brorparten av avgiftene er for bensin og diesel og utslepp til luft, altså fossile energiprodukt. Desse avgiftene utgjer 26 av dei 30 milliardane.

LES OGSÅ: Olje- og gassutslepp auka markant

Ujamn fordeling
Når SSB samanliknar kven som betala for utslepp av klimagassar, og kven som stod for utsleppa, finn dei ei ujamn fordeling mellom privatpersonar og mellom ulike næringar.

Til dømes stod hushalda for under 10 prosent av dei totale klimagassutsleppa, men betalte likevel over 20 prosent av utgiftene til klimakvoter og avgiftene på slike utslepp. Transportnæringa stod for den høgaste andelen av utsleppa, med 38 prosent. Næringa betalte likevel berre 12 prosent av utgiftene. Industrinæringa stod for nær 20 prosent av utsleppa, men betalte under 5 prosent av dei totale utgiftene.

Den ujamne fordelinga kjem av at enkelte aktivitetar er fritekne frå avgift, og at det kan vere ulike målepunkt for avgiftene og sjølve utsleppa.

Når det gjeld transport, er til dømes utanriks luft- og sjøfart friteke frå CO2-avgift på mineraloljar, i tillegg til at næringa ikkje er del av kvotesystemet. Sidan utanriks luft- og sjøfart står for over 50 prosent av utsleppa av klimagassar, vert fordelinga av utgiftene ujamn i høve til utslepp.

Likeeins er fleire industrinæringar fritekne frå CO2-avgifter. I tillegg medverkar frivillige avtalar mellom verksemder og Miljøverndepartementet til andre tiltak for reduksjon av klimagassar. Industrinæringa fekk også tildelt størsteparten av gratiskvotane i 2010, og har dermed låge utgifter til klimakvoter.

Årsaka til at hushalda måtte ta ein stor del av rekninga, er i stor grad CO2-avgifta på forbruk av bensin og autodiesel.

Det er store variasjonar mellom dei ulike områda som er avgiftsbelagt. Til dømes betala næringslivet for nær 80 prosent av klimagassutsleppa, medan hushalda betala over femti prosent av veibruksavgiftene og dei andre avgiftene.

LES OGSÅ: OECD:  Må bli dyrare å køyre bil i Noreg

Ulik pris for forureining
Forurening har altså ulik prislapp for ulike aktørar.

I snitt betalte hushald og næringar 161 kroner per tonn utslepp av CO2, men variasjonane er store. Industrinæringane kunne forureine ”billegast”. Dei betalte kring tjue kroner per tonn CO2-utslepp. Primærnæringane (jordbruk, skogbruk og fiske) og transportnæringane slapp også billeg unna, med mellom 50 og 60 kroner per tonn.

Dyrast er forureining for dei tenesteytande næringane, som betalte 2018 kroner per tonn CO2-utslepp. Også hushalda måtte betale meir for å forureine, i snitt mellom 400 og 500 kroner per tonn.

At den som forureinar også skal vere den som betalar, er eit grunnleggande prinsipp i skatteleggjinga. Ifølgje SSB er det ikkje lett å måle om dette er tilfelle. Rapporten er den første i byrået sitt arbeid for å lage ein statistikk for miljøøkonomiske verkemiddel.

SSB sine nettsider kan du lese heile rapporten.

Kommentarar

ANNONSE