For tre år sidan kalla ein journalist Bergen for teikneseriehovudstaden, det vart namnet på tre serieskaparar sin podcast, som skal ha sending under årets Raptusfestival.

mm

– Me følte vel eigentleg at det var me tre som var teikneseriehovudstaden, fordi me var dei mest aktive i teikneseriemiljøet, seier Eirik Andreas Vik, ein av tre serieskaparar, som kvar veke snakkar om teikneseriar og anna i podcasten Teikneseriehovudstaden.

LES OGSÅ: Dramatisk nedgang for teikneseriar

Gjestelista
Denne helga er det duka for den attande teikneseriefestivalen Raptus i Bergen. På laurdag skal to av tre podcastskaparar ha sitt første liveopptak på Litteraturhuset i Bergen. Sistemann Fredrik Rysjedal – illustratør, grafisk designar og hipsteralibiet i gruppa – skal utanbys.

Heldigvis vert dei to attverande gjesta av barnebokforfattar, illustratør og serieskapar Lene Ask og serieskapar Øystein Runde.

– I programmet ser eg at det står skrive Tegneseriehovedstaden, men det er feil, me heiter Teikneseriehovudstaden, presiserer Vik.

LES OGSÅ: Nynorsk-zombiar inntek festival

Podcast om nerdeting
Som den bokmålsbrukaren han er har han er, har programleiar og initiativtakar Kim Holm, trent seg opp til å uttale Teikneseriehovudstaden plettfritt.

– Så vidt eg veit er det ingen andre norske podcastar om teikneseriar, men det finst mange podcastar om andre nerdeting, seier Vik, om kvifor dei starta podcasten for rundt eit halvt år sidan.

– Eg tykkjer det er frykteleg morosamt når Eirik får Fredrik til å fnise som ei lita jente av vitsar han eigentleg tykkjer er upassande, seier Holm, om kvi han tok initiativ.

Det er ikkje berre smale teikneseriar som er tema for podcasten, det kan handle om videospelet Zelda, Grand Theft Auto, diverse indiespel og deira hat for superheltfilmar, i alle fall nokon. Alt mogleg med andre ord, til og med Liv Ullmann dukkar opp med jamne mellomrom

For nokre månadar sidan vart dei plukka opp av Rad Crew, som sender “nerdepodcastar”. No har dei rundt eit par hundre lyttarar kvar veke.

LES OGSÅ: Superheltar tek heilt av

Ufokusert bakgrunnstøy
Begge serieskaparane presiserer dei at programmet er meint som bakgrunnsstøy, gjerne for folk som teiknar.

– Det er ikkje eit fokusert program. Om nokon sit og lyttar til programmet vil eg tvile på deira mentale tilstand, seier Holm, om podcastane som gjerne strekk seg over nesten to timar.

– Me har fått tilbakemeldingar både på at dei er for lange og at dei er for korte, fortel Vik.

Utstyret er enkelt. Stort sett sit dei på Skype med kvar sin mikrofon kopla til datamaskina si, to i Bergen og ein Vågstranda. Vik har nemleg flytta attende til heimbygda i ein periode der han arbeider på Bunnpris, noko som er ein gjengangarvits i programma. Men han er sjølvsagt attende i Bergen for Raptusfestivalen.

– Eg vonar det kjem så mange gjester at me kan finne på noko gøy med dei. Om det berre kjem fire vert eg skuffa, seier Holm, som er nøgd med halvfull eller fullsett sal.

LES OGSÅ: Draumen er å gje ut eiga teikneseriebok

Teikneseriskapartips
Men festivalen er meir enn direkteopptak med Teikneseriefestivalen og for den uinnvigde kan programmet for Raptusfestivalen vere vanskeleg å lese.

I tillegg til sitt eige show tipsar Vik om Nytt på nytt-kjendis Knut Nærum sitt foredrag med tittelen Søndagsskolen og Steffen Kverneland, som har gjeve ut den kritikarroste teikneseriebiografien «Munch».

Holm har på si side sett seg ut to av dei mange kvinnelege bidragsytarane, sidan kvinnerøyster er eit sidetema under årets festival.

– Eg gler meg til å høyre Emily Carroll snakke om webteikneseriar på laurdagen og skulle gjerne høyrd Carroll og Kate Craig om spilldesign fredagskvelden, fortel Holm, som parallelt med det foredraget skal stå på scena og teikne til musikk frå bandet Solstorm.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46

Kommentarar

ANNONSE