Superheltar tek heilt av

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Premiereklare Man of Steel er ein av  totalt 13 amerikanske superheltfilmar basert på teikneseriar i år. Ingen av dei siste 20 åra har vore i nærleiken. Til samanlikning har det vore eit snitt på kring seks superheltfilmar dei siste ti åra. Og mellom 1993 og 2003 var snittet under tre i året. Det viser tal som Wired har henta inn. Inntektene frå superheltfilmane nådde ein rekord i 2012. Då stod dei seks superheltfilmane for over 14 prosent av dei amerikanske billettinntektene.

Supermann får konkurranse om kinosjåarane i sommar. Seinare i sommar har The Wolverine, Pacific Rim og Kick-Ass 2 premiere.

Samstundes som talet på superheltfilmar basert på teikneseriar når nye høgder, kunne Framtida.no for nokre veker sidan melda om at lesing av teikneserier når nye botnnivå.

Les fleire artiklar om teikneseriar her!

Kva meiner du er dei beste superheltfilmane?