slutt

Jostein Avdem Fretland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

eventyret er over og oskeladden vart eten av trollet. fabelen er over og haren vann (han var jo mykje raskare).

verdi som me kjenner ho er til endes. noreg som me hugsar det er berre eit vagt minne, eit skuggebilete, slik den platonske holemannen såg, og slik han vart ihelslegen da han nemnde verdi der ute, vil ein slå hardt ned på alle som nemner den førre tidi, dei vakre åri, dei åtte vintrane våre med han jens.

alle vanlege folk skal no flytte ut av landet (eg veit dette, fordi dei har sagt det til meg), og i eit djevelsk paradoks blir det berre rikingane, milliardærane, som blir attbuande, sleikjande rundt dei fæle tryna sine ved tanken på dei nye skatteordningane, som ikkje berre gjev dei lette, men som gjev så mykje lette at dei vil få att pengar for å ha pengar, di meir du har, di meir skal du få.

bøndene skal kjeppjagast inn til byen, der alle skal få eit raudt øyremerkje og stimast saman i ein stor bås til å drikke espressobasert kaffi og planleggje ol i 2022, som dei ikkje får råd å kjøpe billettar til.

sjukeheimane og sjukehusi skal nedleggjast til fordel for a) privatiserte "stoppeklokkesamfunn", store hus der ein får koma inn fire minutt om gongen og fortelja om plagene dine til nokon som latar som dei bryr seg, b) skatteletta over og c) ol i 2022.

kulturen, åh, kulturen. kulturen skal frp bestemme over åleine, så det blir no forbode å høyre på songar med fleire enn fire akkordar, sjå på bilete med fleire enn seks fargar, sjå på filmar med spor av ikkje-kronologisk klypping, og viss du så mykje som prøver deg på å gå på teater vil strafferamma liggje mellom fire og seks år i fengsel, ettersom kor mykje lilla du hadde på deg.

det norske teatret vil bli omgjort til ei "honeytrap" for kulturelskarar, der ein utan stans set opp kjende og elska musikalar, som bør børson og spelemann på taket, berre for å arrestere dei inkjeanande publikummarane idet dei set foten innanfor og plassere dei i det store varetektsfengselet i hovudsalen, der ein – i assimileringi sitt namn – blir utsett for adam sandler-filmar heilt fram til rettsaki di startar.

det høyrest voldsomt ut, men dette er kvardagen me no møter.

eg veit dette, fordi folk har sagt det til meg. meir eller mindre.

som den gode raudgrøne veljaren eg er. har eg allereie teke konsekvensen, ja, faen, eg tok konsekvensen av dette for to år sidan, eg, så redd var eg for at denne dagen skulle koma, og flydd landet.

til england, der likskapstanken rår.


Først publisert på Magasinett.