KrF-toppar åtvarar mot Frp
Fleire tidlegare statsrådar og andre toppfolk i Kristeleg Folkeparti åtvarar KrF-leiar Knut Arild Hareide mot regjeringssamarbeid med Framstegspartiet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Blant dei 24 KrF-arane som har skrive under brevet, er tidlegare parlamentarisk leiar og statsråd Kåre Gjønnes, tidlegare bistandsminister Hilde Frafjord Johnson, tidlegare generalsekretær Inger Helene Venås og tidlegare nestleiar og statssekretær Odd Anders With.
Vårt Land har fått tilgang til brevet. Brevet er formulert som ei sterk støtte til Knut Arild Hareide som partileiar. Brevskrivarane uttrykkjer at dei er stolte av Hareides arbeid og valkamp, men dei er krystallklare på anbefalinga om å styre unna Frp. Brevskrivarane meiner forholdet deira til KrF blir øydelagt dersom KrF bind seg politisk til Frp.
– For nokre av oss vil eit slikt samarbeid bety svekt motivasjon. For andre av oss – og fleire til – vil det bety at vi blir parkerte som aktive partipolitiske ambassadørar. Det viser reaksjonar vi har fått, heiter det i brevet.
Brevskrivarane vil overfor avisa ikkje kommentere innhaldet. Hareide vil derimot kommentere saka. Han opplyser at han har lese brevet nøye, og at han har tatt det med seg i utgreiingane sine til den nye stortingsgruppa og sentralstyret.
– Dette er folk som vil KrF vel. Vi har eit landsstyrevedtak, og det ser eg stivt mot. Vi skal ha samtalar. Eg trur alle ser at det vil vere både positive og negative ting med regjeringsdeltaking, kontra opposisjon i Stortinget, seier Hareide.
Han meiner det er gale å konkludere no og viser til at KrF ikkje har hatt samtalar med dei andre borgarlege partia ennå.
– Det er mange no i partiet som gir kloke råd. Men når vi går inn i prosessen om regjering, skal det vere reelle samtalar og drøftingar med dei andre partia, seier han. (©NPK)