Må vente fire månader på asylintervju

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ventar lenge på asylintervju

Tidlegare har 80 prosent av sakene blitt behandla innan 60 dagar. No har eritrearar som søkjer asyl, fått beskjed om at dei må vente fire månader på eit mottak før dei får komme inn til intervju, opplyser fungerande direktør Tone Loge Tveter i asylavdelinga til Utlendingsdirektoratet (UDI).

– Vi slit spesielt med å få tolkar til eritrearane, men vi held på å kvalifisere tolkar, seier Tveter til NTB.

Totalt har det komme nesten 8.000 asylsøkjarar til Noreg i år, ein auke på nesten 30 prosent frå i fjor.

LES OGSÅ: Til veggs om asylborn

Mange får opphald
Eritrearane er den største gruppa. I august var 44 prosent av asylsøkjarane frå Eritrea.

– Eritrea er eit svært repressivt land med grove brot på menneskerettane. Derfor har eritrearane gode utsikter til å få opphald, og det gjer at mange frå nabolanda gir seg ut for å vere frå Eritrea, seier direktør Frode Forfang i UDI.

Når det gjeld syrarar, har Sverige vedteke å gi alle syrarar som søkjer asyl på svensk territorium, permanent opphaldsløyve. Forfang meiner ein slik garanti ikkje er nødvendig i Noreg.

– I praksis er det ingen forskjell mellom Noreg og Sverige. I praksis får syrarar opphald her også, seier Forfang.

I august tok Noreg imot 108 asylsøkjarar frå Syria, mot 33 i same månad i fjor. Mange syrarar har flykta frå heimlandet under den drygt to år lange borgarkrigen.

I Europa er det Sverige og Tyskland som hittil har tatt imot flest syrarar.

LES OGSÅ: Asylbarna med alvorleg melding

– Unødvendig frykt
Per 31. juli var 28 prosent av dei 15.795 som budde på mottak i Noreg, innvilga opphald.

– Desse skal busetjast og ventar på å starte integrering.

Kommunane må busetje fleire. Hadde dei gjort det ville vi ikkje hatt behov for å etablere 30– 40 nye mottak, seier direktør Frode Forfang i UDI.

UDI-direktør Forfang meiner media har malt eit bilete der asylsøkjarar så å seie er det same som kriminelle.

– Dette er eit skeivt bilete. Det skaper problem for asylsøkjarane og for oss som skal etablere nye asylmottak. Det skaper også unødvendig frykt i lokalsamfunna. Den største delen asylsøkjarar som kjem til Noreg er lovlydige borgarar, seier Forfang.

Han viser til at eksempelvis eritrearar er fråverande i krimstatistikken, men at det er enkelte mottak i dei store byane som har hatt problem med kriminalitet.

LES OGSÅ: UDI opnar fire nye asylmottak

Nye mottak
UDI anslår at talet på asylsøkjarar vil lande ein stad mellom 13.000 og 14.000 for 2013 og at det vil komme endå fleire neste år. UDI håper på eit godt samarbeid med kommunane, nærmiljø og driftsoperatørar for å handtere situasjonen.

– Vi må skaffe bustader og omprioritere ressursar. For augneblinken er det transittmottaka, dit asylsøkjarane kjem først, som er mest pressa, seier direktør Christine Wilberg i region- og mottaksavdelinga ved UDI.

Direktoratet vil om kort tid lyse ut anbodskonkurransar over heile landet for å byggje 30– 40 nye mottak. Eksisterande mottak vil også bli utvida så mykje som mogleg. Det er ikkje klart kvar dei nye mottaka skal etablerast, men Wilberg oppfordrar kommunar og alle som ønskjer å drive mottak, om å komme med eit tilbod.

Kostnadene er enno uklare, men det kostar 90.000-100.000 kroner for ein mottaksplass per år. Dermed vil 30– 40 nye asylmottak koste minst 400 millionar kroner.