– Nynorsken vil ikkje felle regjeringa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorsk vil ikkje felle regjeringa

– Nynorsken er ein del av den historiske sjela til Venstre, seier nestleiar i Venstre, Ola Elvestuen. Han strekar under at nynorsk er like viktig som før for Venstre, når dei no går inn i forhandlingar om ei ny regjering.

Per-Kristian Foss frå Høgre, Per Sandberg frå Framstegspartiet, Hans Olav Syversen frå Kristeleg Folkeparti og Ola Elvestuen frå Venstre tok del på valseminaret «Etter valget – hva nå?» i regi av kommunikasjonsbyrået Burson-Marsteller onsdag denne veka.

Alle dei fire partia var samde om at forhandlingane om ei ny regjering blir vanskelege, og at ingen av partia heilt veit korleis det kan kome til å bli.

– Dette samarbeidet er upløgd mark for oss alle, uttalte Hans Olav Syversen frå KrF.

Ein av grunnane til at forhandlingane kan bli vanskelege, er at partia har sterke, ulike meiningar i fleire saker som kan bli avgjerande når ein skal lage ei felles plattform. Men det er ei sak representantane er klare på ikkje vil felle eit samarbeid mellom partia; nynorsken.

LES OGSÅ: Like mange nynorskbrukarar på Tinget

Det var på direkte spørsmål frå Nynorsk pressekontor om korleis dei ulike partia vil styrkje nynorsken framover, og om nynorsk er like viktig for Venstre som før, at Elvestuen igjen slo eit slag for nynorsken.

Korleis partia vil arbeide med nynorsk spesielt, er dei ikkje sikre på.

– Men nynorsk vil ikkje vere den saka som vil felle ei regjering, la Per Sandberg til. (©NPK)