Ny regjering stansar Tajiks boklov
Kulturminister Hadia Tajiks boklov, som blei vedtatt før sommarferien, er ennå ikkje sett i verk. Den nye regjeringa kjem til å stanse loven, opplyser Høgre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ny regjering stansar boklova
Føremålet med loven var å fjerne priskonkurranse mellom bokhandlarar og å sikre forlaga stabile inntekter, blant anna gjennom fastpris for bøker.
– Høgres haldning til bokloven er at han ikkje skal tre i kraft når vi tar over, seier nestleiaren i partiet, Jan Tore Sanner, til Dagens Næringsliv.
LES OGSÅ: Forslag til boklov ute på høyring
– Kan kastast
Framstegspartiet gleder seg over utsegna hans.
– Bokloven kan kastast. Slik eg forstår det på Høgre, er begge parti heilt klare på det området no, seier Frps kulturpolitiske talsmann Ib Thomsen.
Kristeleg Folkeparti og Venstre er heller ikkje forkjemparar for bokloven.
– Dette er tida for dei bråkjekke kommentarane. Men eg vil ikkje forskotere framtida til bokloven heilt ennå. Men det er klart at ingen av dei fire som no utgjer fleirtalet på Stortinget var for loven, seier KrFs kulturpolitiske talsperson Øyvind Håbrekke.
LES OGSÅ: Fløymer over av erotikk og sybøker
Kuttar pressestøtta
Dei borgarlege partia kjem også til å kutte i pressestøtta, som i dag er på 287 millionar kroner. Høgre vil kutte 100 millionar kroner. Frp ønskjer å kutte 180 millionar kroner. Dagsavisen kan bli ramma og miste halvparten av dagens pressestøtte.
– Dagsavisen bør skjelve i buksene, seier Thomsen.
Helge Simonnes, som er ansvarleg redaktør i Vårt Land og styreleiar i Dagsavisen, nektar for at han skjelv i buksene. Fornufta vil sigre, meiner han.
– Pressestøtta er eit tema det er lett å rope høgt om, men noko som ligg langt ned på prioritetslista til Siv Jensen, seier Simonnes.