Forslag til boklov ut på høyring
Kulturdepartementet sende fredag forslag til ei lenge etterlengta boklov ut på høyring.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kulturminister Hadia Tajik (Ap) varsla i haust at regjeringa vil ha forslag til boklov klar før sommaren 2013. Boklova skal erstatte bransjeavtalen som ligg føre i dag, som krev eit unntak frå konkurranselova. Ein samla bokbransje har ønskt ei boklov der fastprisen på bøker blir heldt oppe.
– Det viktigaste for meg i arbeidet med boklova er å leggje til rette for at lesarane skal oppleve at dei har ei brei tilgang på bøker over heile landet. I tillegg vil eg at det skal vere sunne konkurransevilkår i bransjen. Det vil ikkje minst forfattarane vere tente med, seier Tajik.
Raskt
Boklova skal gjelde både skjønnlitteratur, sakprosa og fagbøker. Høyringsfristen er sett til 15. mars.
– Det er avgjerande for utviklinga av stabile og gode rammevilkår i bokbransjen i form av boklov no kjem på plass, seier administrerande direktør Kristenn Einarsson i Forleggerforeningen. Han er glad for at høyringsrunden skjer på ein måte som gjer at ein kan vedta boklova så raskt som mogleg.
LES OGSÅ: – Det er rett og slett frekt
– Gode alternativ
Bokhandlerforeningen meiner at regjeringa i sitt forslag har lagt fram fleire gode alternativ som møter ønska og oppfatningar i bransjen.
– Ei boklov med faste prisar på bøker gjer at forlag og bokhandlar tør å satse på kvalitet og kulturell verdi. Den gir oss moglegheita til å satse på unge og ukjende forfattarar. Bokhandelen skal gjere mykje for å sikre at boklesaren får hjelp til å finne dei bøkene færre kjenner, seier administrerande direktør Trine Stensen i Bokhandlerforeningen. Kulturminister Tajik seier at ei boklov skal hindre misbruk av marknadsmakt, men ikkje vere til hinder for nyskaping og sunn konkurranse. I tillegg til ulike spørsmål rundt fastpris, ønskjer også departementet at høyringsinstansane skal gi sitt syn på reglar for rabatt- og avanseregulering mellom forlag og bokhandlarar. (©NPK)
Les heile høyringsnotatet her!