– Det sender eit veldig dårleg signal!

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forbode å sitje overskrevs

– Det er jo dette me fortsatt kjemper mot i Noreg òg, haldningar om at om kvinner vert valdteke, så er det kvinnenes eiga skuld! seier Anne Marit Hovstad, prosjektleiar i Norges Kvinne- og familieforbund, som har arbeidd i Kenya.

Ho kjenner seg att i haldningane som kjem fram i lovforslaget.

LES OGSÅ: Små steg mot endring

Meiner sitjestillinga er nedverdigande
Lovforslaget går ut på å forby kvinner i den vestlege delen av Kenya å sitje overskrevs på motorsyklar eller syklar, ifølgje All Africa.Bakgrunnen for lovforslaget i Kisumu-området er at ein meiner det er nedverdigande for kvinner å sitje slik, at det er for avslørande og at det undergrev tradisjonell kenyansk kultur.

Det kan difor verte lovpålagt for kvinner å sitje sidelengs på tohjula framkomstmiddel, slik dei gjer i nabolandet Uganda. Kenya og Uganda er mellom dei landa der innbyggjarane i år er vorte mindre frie, kjem det fram i Freedom House sin årlege rapport.

– Det sender eit veldig dårleg signal! meiner Hovstad,som sjølv har vore i Kenya med prosjektet «Leagal Rights Awareness Creation», eit samarbeid med Gender and Development Centre (GADECE) i Kisumu, Kenya.

LES OGSÅ: Verda vert mindre fri

Ein av tre valdteken
Prosjektet lærer kvinner om deira juridiske rettar, særleg i samband med ekteskap, skilsmisse og arv. Tiltaket har som mål å kjempe mot vald i heimen, valdtekt og diskriminering av jenter, rett til arv og deltaking i politisk aktivitet.

Seksuell vald er eit stort problem I Kenya. Ein av tre jenter er offer for seksuell før dei fyller 18 år, syner tal frå den keyanske regjeringa og FN.Ei forklaring på dette kan vere at myta om at å ha sex med ei jomfru kurerer AIDS framleis eksisterer. Etter valet i 2007 var det ei bølgje av grov seksualisert vald mot både kvinner og menn i Kenya.

Normen for kvinner i Kenya er å kle og te seg konservativt. Tidlegare i år vart ei kvinne avkledd i offentlegheita, fordi ho gjekk i miniskjørt.

I Uganda skapte nyleg eit lovforslag om å forby miniskjørt opprør i sosiale medier under merkelappen #savetheminiskirt.

– Kvinner som ikkje kjenner sine juridiske rettar kan lett verte utsett for stor sosial og kulturell urett.  Sjølv dei som er klar over sine rettar, kan dei vere redde for å hevde sin rett i frykt for ytterlegare vold eller reprimandar frå familie og lokalsamfunn, seier Hofstad. 

Ho meiner at dei rettane kvinner i Kenya har, ofte vert overstyrt av kulturen.

– Gutar og jenter vert verdsatt forskjellig heilt fra fødselen av.  Ei jente veit at ho er mindre verd enn sin bror og dette gjer sjølvsagt noko med hennar sjølvtillit, fortel Hovstad. 

LES OGSÅ: I kvinnekampens fotspor

Einaste transportmiddel
Kenyanske Benter Adhiambo Ombwayo, er president i Panafrican Women`s Association (PAWA), ho har kontor i Oslo og er prosjektkoordinator for deira Kenya-prosjekt. Ho fortel at kenyanske kvinner har reagert på lovforslaget, fordi motorsykkel eller sykkel er einaste transportmiddel mange stader.

– Å sitje med beina frå kvarandre gjer kvinner stødigare om dei skulle kome ut for ei ulukke, det vert mogleg å kome seg unna, meiner Ombwayo, som meiner at det største problemet er at sjuke og gravide kvinner må reise på boda-bodaar, fordi det ikkje finnest alternativ transport.

LES OGSÅ: Eit farleg land å vere kvinne i

Framleis ein veg å gå
Ifølgje Ombwayo har Kenya den seinare tida gjort mange framsteg, når det gjeld kvinnenes posisjon i samfunnet. Det er til dømes mange kvinner som leier såkalla Non Government Organizations (NGO), men talet på kvinner med politiske verv gjekk ned etter årets val.

Sjølv om noko av lovgjevinga er på plass er det likevel ein veg å gå når det kjem til mellom anna vald i heimen og retten til å eige land.

Seksualisert vald og korrupt politi er mellom dei største utfordringane i det Austafrikanske landet.

Oppreising etter valdtekt er framleis vanskeleg for kvinner i Kenya. Ombwayo fortel at kvinner som melder valdtekt til politiet risikerer å verte seksuelt trakassert og tvungen til å bestikke politiet for hjelp.