– Morna, Jens!

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Som å rope sjåaren i andletet

– At Siv Jensen ropar; «Vert det regjeringsskifte?!», er noko det ikkje er tradisjon for i norsk politikk. Ho peikar på publikum for å signalisere at ho kjenner dei personleg, samstundes som ho går rundt på scena og vert hylla, det er slik Obama gjer det, kommenterer retorikkprofessor ved Universitetet i Bergen (UiB), Jens E. Kjeldsen.

LES OGSÅ: Må ha støtte frå Frp og sentrum

Twitter-storm
I går rulla valsendingar med takketalar frå partileiarar over norske tv-skjermar. Spesielt interesserte deltok sjølv på valvaker. På Frp si valvake ropte Siv Jensen ut «Morna Jens!», noko som laga overskrifter og utløyste eit ras av kommentarar på Twitter.

«Blikket til ho der skremte meg nesten då ho skreik 'mornaJens'. Og eg er vanlegvis ikkje lettskremt,» skriv ein Twitter-brukar, medan ein annan kallar det respektlaust.

 Stoltenberg sjølv ville ikkje kommentere utspelet på ein pressekonferanse dagen derpå:

– Eg veit ikkje kva eg skal seie om det. Eg trur det er best at eg ikkje seier noko, sa Stoltenberg til VGtv.

Sjølv hadde ikkje Stoltenberg sett talen, men han hadde fått han sitert «med innleving».

LES OGSÅ: Dei yngste på Stortinget

Elektrisk hjå Frp
– Siv Jensen sin tale var spesiell, og signaliserer noko om korleis ein handsamar siger. Når noko av det fyrste du seier når du kjem på scenen er: «Morna Jens!» signaliserer det at ein gler seg mest over at den gamle regjeringa må gå, meiner Kjeldsen.

Retorikkprofessoren kallar stemninga på Frp si valvake for elektrisk. Siv Jensen spaserer rundt på scena og vert hylla til høg musikk.

– Ei slik elektrisk stemning gjer ein talar oppglødd, det er nesten umogleg å forstå om ein ikkje har opplevd det, meiner Kjeldsen.

LES OGSÅ: Høgare valdeltaking

– Som å skrike i andletet til sjåaren
Kjeldsen meiner at Siv Jensen sin tale gjer seg betre på ei scene enn på ein TV-skjerm, der talaren vert ramma inn, sjåaren kjem tettare innpå og inntrykket vert meir voldsomt.

– Har de det bra!? Er de glade!? Vert det regjeringsskifte!? ropte Siv Jensen til forsamlinga.

– Når nokon skriker på tv, vert det nesten som dei skrik rett i andletet på sjåaren. I salen er alle einige med Siv Jensen, men rundt om i heimane er det mange som ikkje er einige og dei vil naturleg nok oppfatte talen annleis, seier Kjeldsen.

Retorikaren meiner talane er som forventa, men er litt overraska over Siv Jensen sitt voldsomme kroppsspråk.

– Ho lener seg framover med armane ut til sidene, med opne auge slik at ein kan sjå det kvite i augo, det er ikkje ofte ein ser. Folk som sit heime og ser det på ein TV-skjerm kan få ei kjensle av at personen som snakkar er ute av kontroll. Eg seier ikkje at Siv Jensen var ute av kontroll, men at det kan oppfattast slik, presiserer Kjeldsen, som skildrar talen til den oppglødde politikaren som ein emosjonell utladning.

Bilete av Siv Jensen sin taleiver har allereie vorte plukka opp å spreidd i sosiale medium.

LES OGSÅ: – Nokre gonger køyrer politikarar ein retorikk det er vanskeleg å forstå seg på

Erna felte tåre
Både hjå Frp og Høgre var det feststemning i går kveld. Frp har hatt nedgang sidan førre stortingsval, men snusar no på regjeringsmakt for første gong. Feiringa hjå dei to partia arta seg noko ulikt.

– Erna Solberg sin tale er òg emosjonelt sterk, men det er fordi ho forsøker å halde att kjenslene. Ho vert tydeleg emosjonell når ho snakar om alt arbeidet mannen og dei frivillige har lagt ned og feller ei tåre. Dei sterkaste tårene er dei ein held tilbake, så ei tåre verkar sterkare enn ein tåresprut, seier retorikaren, som skryt over fyrsteinntrykket av den komande statsministeren.

– Når ein skal ha sin fyrste tale som statsminister er det viktig å stå fram som ein statsminister frå fyrste stund, og det tykkjer eg Erna Solberg gjorde, seier retorikkprofessor Jens E. Kjeldsen.

Han peikar på at Solberg verka glad for sigeren samstundes som ho verka mest oppteken av å gjennomføra politikken deira. Kroppsspråket til vår kommande statsminister karakteriserer Kjeldsen som roleg og beherska, men samstundes intenst.

– Ho synte storsinn når ho takka den førre statsministeren og regjeringa og peika på kor viktig det er å forstå kor stor oppgåve det er å styre eit land. Det sender eit signal om kven ho er og korleis me skal diskutere politikk, at me skal diskutere det alvorleg, seriøst og konfronterande, men med respekt for politikarane. Eg tykkjer det var ein god tale for Erna Solberg og ein god tale for landet, seier Kjeldsen.

LES OGSÅ: AP-retorikk, lut og kaldt vatn

Blå konfetti
Nokon vil kanskje assosiere konfettiregnet over Erna Solberg med amerikanske valkampar. Kjeldsen peikar på at konfetti har vorte brukt òg av danske Venstre, som er Danmarks parallell til norske Høgre, men òg i Sverige har det tidlegare regna konfetti.

Det same storsinnet som hjå den påtroppande statsministeren fann Kjeldsen igjen hjå avtroppande statsminister Jens Stoltenberg.

– Hans tale var ikkje like emosjonell, men han synte respekt for at folket har talt og vil sleppe nye til, kommenterer Kjeldsen.

Sjå kva Kjeldsen skriv om Siv Jensen på Vox Publica her!