Må ha støtte frå Frp og sentrum

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nestleiar i Høgre, Jan Tore Sanner, har stor tru på at alle dei fire partia som fekk fleirtal i stortingsvalet, finn saman og klarer å danna regjering.

– Alle dei fire partia har sagt at dette fleirtalet kjem til å gi ei ny borgarleg regjering og me håper at alle vil bli med. Det er mykje som samlar Høgre, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Framstegspartiet.

Men det ligg også nokre vanskelege saker på bordet, og det er dei sakene me no må finna løysingar på, seier Sanner til NRK.

Spesielt to saker peiker seg ut som spesielt vanskelege:

– Lofoten, Vesterålen, Senja er éi sak. Asylpolitikken er ei anna sak. Men eg trur det er mogleg å finna løysingar på alle spørsmåla som er kompliserte. Og me er opptatt av at alle dei fire partia som ønskjer regjeringsskifte må kjenna seg igjen i ei regjeringserklæring, understrekar han.

Han seier Høgre er klar til å starta regjeringsforhandlingar.

– Alle dei fire partia kjem til å sitje rundt bordet og så må vi gå gjennom dei sakene som samlar oss, og det er veldig mange gjennom førre stortingsperiode der vi har bygd ei god plattform der vi trekkjer i same retning. Men så veit me også at det ligg nokre vanskelege saker på bordet. Og dei må me finna ei løysing på, seier Sanner.

LES OGSÅ: Høgare valdeltaking

Så mange mandat vil partia få (prognose klokka 8):

Faktaboks

Klokka 08 var 99,9 prosent av røystene telt opp. Prognosetala frå SSB viste då desse tala:
Høgre: 26,8, +9,6 (48 mandat)
Frp: 16,3, -6,7 (29 mandat)
KrF: 5,6, uendra (10 mandat)
Venstre: 5,3, +1,4 (9 mandat)
Ap: 30,9, -4,5 (54 mandat)
Sp: 5,5, -0,7, (10 mandat)
SV: 4,1, -2,1 (7 mandat)
MDG: 2,8, +2,4 (1 mandat)
Raudt får 1,1 prosent og blir ikkje representert på Stortinget. (©NPK)