Manglar hosommarfuglar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Manglar hosommarfuglar

 I mange år var lakrismjeltblåveng den arten som alle norske sommarfuglsamlarar på eitt eller anna tidspunkt i karrieren skulle fanga. Inga samling var komplett før eigaren hadde skaffa seg eit eksemplar frå bestanden på øyane utanfor Asker og Bærum.

I 2007 vart arten kartlagt for første gong, og då kom sjokket: ein fann berre eitt einaste individ. Året etter fann ein ingen, og ein frykta at arten var utdøydd her i landet.

– Det er viktig å få fram at det ikkje er sommarfuglsamlarane som har skulda, seier insektforskar Hallvard Elven på nettsida til Naturhistorisk museum i Oslo.

LES OGSÅ: Fuglefjellet på Runde er døyande

Utbygging får skulda
– Hovudårsaka er at stadig større område vert utbygde, og at kulturlandskapet har grodd igjen. Det hjelper heller ikkje at vertsplanten lakrismjelt vert fortrengt av svartelista artar, uønskte nykomarar i norsk natur som rynkerose, syrin og kanadagullris.

LES OGSÅ: – Et opp denne miljøtrusselen!

Avl
Men i 2009 fann sommarfuglentusiasten Roald Bengtson etter intens leiting to lakrismjeltblåvenger på ein stad som er så hemmeleg at berre nokre få personar veit kvar han er. I 2012 vart det avgjort å gje den skjøre bestanden draghjelp ved å avle fram nye individ i beskytta omgivnader.

I juli plasserte Elven, Bengtson og Øystein Røsok frå miljøavdelinga hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus ut sommarfuglane på Ostøya og Borøya i Bærum, i tillegg til den hemmelege levestaden.

Men sjølv om dei første observasjonane tyder på at sommarfuglane finn seg til rette på dei nye stadene, er det ei stor svart sky i horisonten.

– Vi har prøvd å finne ein ny hosommarfugl på den hemmelege lokasjonen for ein ny runde med oppavl, men vi har berre funne hannar.

– Dette er kritisk, for sidan dei utplasserte sommarfuglane på Ostøya og Borøya alle er søsken, er dei heilt avhengig av å få tilført nytt genmateriale for at ikkje bestandane skal gå dukken på grunn av innavl, forklarar Elven og fryktar sommarfulgarten no døyr ut.