Partia brenn for å utvide demokratiet. Korleis er dei slett ikkje einige om.

Tora Hope og Svein Olav B. Langåker
Tora Hope og Svein Olav B. Langåker
Faktaboks

Stemmerettsalder i Noreg:

1898: Alle menn over 25 år
1913: Også alle kvinner over 25 år
1920: 23 år
1946: 21 år
1967: 20 år
1978: 18 år

Les meir på Wikipedia!

LES FAKTALUKK FAKTA

For 100 år sidan fekk kvinner stemmerett. Då måtte ein vera 25 år for å stemma. Men demokratiet var ikkje ferdig utvikla då. Sidan har demokratiet blitt utvida fleire gonger. I 1979 fekk også 18-åringane stemmerett i Noreg. Sidan den gong har Noreg opna for innbyggjarinitiativ og vallova har blitt endra.

Vi spurde korleis partia vil gjere utvide det norske demokratiet.

Fleire stemmer
– For Venstre er det viktigaste å la 16-åringar få stemmerett, seier Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre og listetopp for Venstre i Sogn og Fjordane.

Venstre vil også tillate dobbelt statsborgarskap, også for dei som ikkje er flyktningar. Det vil gi fleire stemmerett i Noreg.

– Eg møter overraskande mange folk som ikkje får stemme i val. Det er veldig rart, for mange andre land tillét dette, seier Rotevatn.

Mellom anna lar USA, Sverige, Storbritannia og Australia borgarane sine også vere statsborgarar i andre land.

LES OGSÅ:Er grensa på 18 år katastrofal?

Usemje om tenåringsrøyster
Også Raudt, SV og Miljøpartiet Dei Grøne vil sleppe 16-åringane til i vallokala. Arbeidarpartiet vil halde fram med forsøk i lokalvala.

– Vi har utvida demokratiet før, og det har stadig blitt litt betre. Ofte snakkar vi om ungdom som ei eiga gruppa, litt utanfor samfunnet, på same måte som vi gjer med eldre. Dersom unge får vere med å bestemme, vert det lettare å engasjere seg, seier talsperson i Grøn Ungdom, Ingrid Ophaug Dahl.

Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre og Senterpartiet er i motat 16-åringar skal få røyste. I Senterpartiet er det også mange for stemmerett – partileiar Liv Signe Navarsete har sagt til Framtida.no at ho har skifta meining og er for stemmerett for 16-åringar.

– Vi meiner det er riktig at aldersgrensa er den same for å stemme, kunne stille til val og bli myndig, seier KrFU-leiar Elisabeth Løland.

Derimot vil KrFU at det skal vere obligatorisk med ungdomsråd i kommunane, på same måte som det er obligatorisk med eldreråd.

– Å stemme i valet er ein viktig måte å delta i demokratiet, men demokrati er meir enn berre val. Det er også at alle grupper har moglegheit til å leggje fram argumenta sine, at ein kan vere med i organisasjonar som kjemper for ulike saker, og at politikarane lyttar til innbyggjarane også mellom vala, seier Løland.

LES OGSÅ:– Dei borgarlege partia sviktar dei unge

Folkerøystingar

Både Grøn Ungdom, Sosialistisk Ungdom og Raud Ungdom meiner folkerøystingar burde vere meir brukt i viktige saker som vedkjem fleirtalet. Framstegspartiet vil også ha fleire folkerøystingar.

– EØS-avtalen har synt seg å vere mykje meir omfattande enn eit EU-medlemsskap. Når vi ikkje har hatt folkerøysting om avtalen, får vi eit demokratisk underskot. Dette burde ein også vurdere i spørsmålet om Oslo-OL, seier SU-nestleiar Anna Tresse.

Sveinung Rotevatn og Venstre likar det representative demokratiet og meir skeptiske til folkerøystingar.

– Eg meiner det er viktig å ta vare på rettane til mindretalet, seier han.

Rotevatn meiner at fleire heller bør nytta seg meir av dei høva som allereie er der i dag.

– Dei fleste kommunane har i dag grundige budsjettprosessar der til dømes frivillige organisasjonar blir invitert inn til å seia meininga si.

Han påpeikar at innbyggjarinitiativ også kan bli meir brukt enn det er i dag.

LES OGSÅ:Vil gje stemmerett til babyar

Kampen mot EU
Sandra Borch nølar ikkje då vi spør kva leiaren i Senterungdommen vil gjere for å styrke folkestyret.

– Å stå støtt mot EU-medlemsskapet som Høgre og delar av Ap vil innføre er ein av dei største kampane vi står overfor. Det norske folket skal halde fram med å styre Noreg, seier ho.

– I tillegg må vi slåss mot tvangssamanslåinga av kommunane i Noreg om Høgre kjem til makta. Samanslåingar som vil skape kring hundre kommunar vil vere eit stort slag for demokratiet, slår ho fast.

LES OGSÅ:– Vi som skal leve i 2060 må røyste

Avbyråkratisering
Paul Joakim Sandøy i Unge Høgre trur derimot ei av dei største demokratiske utfordringane ligg i partia.

– Folk må få meir styring over kven som faktisk kjem på Stortinget. Dei aller færraste er med i eit parti, og dermed med å avgjere kven som skal representere partiet. I tillegg vert nominasjonslistene bestemt av ei lita gruppe.

Sandøy føreslår to vegar mot ei meir demokratisk nominering:

– For det første må partia opne opp nominasjonsprosessane, slik at alle kan stemme på kven dei vil ha kvar i partiet. Dette har fungert bra i Oslo Høgre og Oslo Sv.

Sandøy trur opne ordningar vil auke engasjementet og gjere det enklare å vere nykommar, fordi en slepp å ha “tilbrakt 40 år i kommune- og fylkespolitikken før ein kan komme på Stortinget”.

– Og for det andre må vi endre ordninga ved stortingsval, slik at ein kan stryke og flytte namn på same måte som i lokalval, seier Sandøy.

Himanshu Gulati er leiar i Framstegspartiets Ungdom (FpU). Han meiner eit stort byråkrati og mange forvaltingsledd gjer demokratiet tungstyrt og politiske avgjersler vanskelege å setje ut i live.

– Difor er eit av våre viktigaste forslag å effektivisere byråkratiet, ved å til dømes kutte ut fylkeskommunen. I tillegg meiner FpU at ei stemme skal telle like mykje, uavhengig av kvar i landet ein bur.

LES OGSÅ:Ungdomsbedraget

Demokrati i økonomi og arbeidsliv
Sosialistisk, Raud og Grøn Ungdom vil ikkje berre gje 16-åringar røysterett. Dei vil også utvide områda underlagt demokratiet.

– Demokratiet stoggar når ein går inn døra arbeidsstaden, seier Seher Aydar i Raud Ungdom.

Mogelegheiter for å velje sin eigen sjef, er ei av Raud Ungdom-leiaren sine viktigaste saker for å utvide demokratiet.

– Slik kan ein ha meir innflyting på jobben. I tillegg vil vi ha demokratisk styring av økonomien. No er det marknaden som styrer, seier Aydar.

Sosialistisk Ungdom peikar på andre ordningar, der arbeidarane eig sine eigne bedrifter.

Grøn Ungdom meiner at staten bør utnytte mogelegheitene eigarskap i selskap gir for å styre økonomien.

– Til dømes i Statoil. Eg meiner ikkje at staten skal kjøpe opp selskapet, men at dei skal bruke mogelegheitene eigarskapet gir til å sei stopp når selskapet går for langt, som i tilfellet med tjæresand i Canada. Og Oljefondet bør bli styrt av andre prinsipp enn maksimal profitt.

LES OGSÅ:Dette blir blått for godt

Openheit
Grøn Ungdom vil også ha meir openheit. Ophaug Dahl tek mellom anna til orde for eit lobbyregister på Stortinget, slik at folket veit kven som påverkar politikarane.

Ho får støtte av SU-nestleiar Tresse.

– PR-rådgjevarar som ikkje er demokratisk valt medverkar til å straumlineforme bodskapane. Det uroar meg når politikarane liknar kvarandre og leverer tilpassa bodskapar i staden for å seie kva dei eigentleg meiner, seier ho.

Raud Ungdom-leiar Seher Aydar er heller ikkje begeistra for det auka talet på rådgjevarar i politikken.

– Det vert udemokratisk når politikarar lagar politikk for å få makt, og ikkje lagar politikk for å gjere dei endringane ein vil ha. Men det er framleis politikarane som vel kva dei skal seie. Ingen tvinger dei til å framføre ein bodskap, seier ho.

LES OGSÅ: – Noreg er minst dårleg i klassen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE