Lar seg inspirere av dansk klimasatsing

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil pressa Noreg i dansk retning

Unge Venstre har besøk frå den danske søsterorganisasjonen Radikal Ungdom i sluttspurten av valkampen. Eit politikkområde dei to sosialliberale ungdomspartia har ei sterk felles interesser for, er energi og miljø. Unge Venstre meiner vi i Noreg kan lære eitt og anna av Danmark på dette området.

Sidan 2011 har Martin Lidegaard frå Radikale Venstre vore klima- energi- og bygningsminister i Danmark, og i august la Lidegaard fram regjeringa sin nye klimaplan. Saman med ein energiavtale som blei vedtatt i Folketinget i fjor utgjer klimaplanen ein strategi for å redusere dei danske klimagassutsleppa med 40 prosent innan 2020, og med eit langsiktig mål om å gjere Danmark til eit fossilfritt samfunn i 2050.

– Å vere eit føregangsland når det gjeld klima høyrest kanskje dyrt ut, men med energiavtalen og klimaplanen har den danske regjeringa vist at ein ambisiøs klimapolitikk ikkje treng vere økonomisk uansvarleg. Det er difor ingen grunn til å ikkje prioritere den grøne dagsorden høgt, seier Mads Bay, medlem i foreiningsutvalet i Radikal Ungdom.

LES OGSÅ: Ola Borten Moe: – Framtida er fossil

– Ikkje konflikt
Runar B. Mæland i Unge Venstre meiner det er interessant at Danmark, som er i ein meir utsett økonomisk situasjon enn Noreg, likevel set seg meir ambisiøse klimamål og ikkje ser ei konflikt mellom klima og verdiskaping.

– Klimaforliket på Stortinget i 2012 var eit langt skritt framover, men vi må lenger. Då kan vi la oss inspirere av danskane. Dei har sett seg høge mål og er konkrete på verkemiddel for å skape ein konkurransedyktig grøn økonomi, seier Runar B. Mæland, 2. nestleiar i Unge Venstre.

LES OGSÅ: Klimapanel skuldar på menneska

Kuttar innanlands
Klimaforliket som vart inngått i Stortinget i 2012 legg opp til 30 prosent klimagassreduksjon innan 2020. Forliket seier óg at det skal utgreiast om det er hensiktsmessig å vedta ei klimalov i Noreg, men ei slik utgreiing er så langt ikkje lagt fram. I Danmark har regjeringa lova å leggje fram ei klimalov for folketinget i seinast neste vår.

– Tittelen på den danske klimaplanen er ”På vej mot et samfund uden klimagasser”. Det tyder ikkje å kjøpe kvotar som gjer opp for dei danske klimagassutsleppa, slik vi snakkar om i Noreg, men å planleggje for å ta i bruk utsleppsfrie løysingar i alle sektorar. Det er slik vi må tenkje, seier Mæland.

– Radikale Venstre samarbeider med Ap sitt søsterparti i Danmark, medan de vil samarbeida mot høgre. Korleis skal Venstre få med seg Høgre og FrP på dette?

– KrF, Høgre og Frp har støtta fleire av klimaforslaga til Venstre på Stortinget enn dei raudgrøne, så eg meiner det er grunnlag for ei styrking av klimapolitikken ved eit regjeringsskifte etter valet. Men det er klart at Venstre vil gå lenger enn dei blå partia. Målet er at Venstre skal spele den same rolla i ei ny regjering i Noreg som Radikale Venstre har spelt i regjeringa i Danmark: Å flytte det politiske tyngdepunktet inn mot midten, og å vere ein pådrivar for ein framtidsretta klima- og energipolitikk.

Faktaboks

Unge Venstre si liste over fem danske lærdommar for norsk klimapolitikk:

• Eit eige klima- energi- og bygningsdepartement
• Mål om 40% klimagasskutt innan 2020
• Forpliktande mål for energisparing innan 2020
• Mål om å bli heilt uavhengig av fossile brensle innan 2050
• Ei klimalov som gjer målsettingane bindande