Ola Borten Moe: – Framtida er fossil

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Framtida er fossil

Han var onsdag på besøk på næringskonferansen på Mongstad, og var klar på at det er norsk gass som skal vera med på å redda miljøet i Europa.

– Skal me nå to-gradersmålet innan 2035, kjem me til å bruka like mykje fornybar energi som i dag. Spørsmålet verda må stilla seg er kva ein skal ta til verdsmarknaden og korleis ein kan produsera det mest mogleg miljøvennleg, seier han.

LES OGSÅ: Har investert 15 milliardar miljø-kroner på seks år på Mongstad

Han peika på at kol slepp ut dobbelt så mykje CO2 per produserte energi enn gass.

USA som foregangsland
– Framtida er fornybar, men den er og fossil, peika energiministeren på.

Han er heilag overbevist om at ein vil sjå ein god effekt på verdas klima om ein får kutta ut kolbrenning og erstatta det med norsk gass. Han viste til dagens utvikling i USA og Tyskland.

– I USA er no store gassresursar gjort tilgjengelig for det innanlandske markedet. Dei opplever folkeauke, auka husprisar og nedgang i arbeidsløysa. Men dei er og det landet som raskast reduserer sine CO2 utslepp. Det er fordi dei sluttar å brenna kol og byrja med gass, seier han.

LES OGSÅ: Nattskiftet

Han kallar det eit viktig og rett steg å ta.

I Europa er det og nedgang i utsleppa. Men her er det fordi det er ei økonomisk krise på gang og det er mangel på aktivitet.

– Det er rett og slett nitrist. Og nitrst er ikkje berekraftig, seier han.

– Nitrist
Men han viser til lokomotivet i Europa, Tyskland, som gjer det bra og investerer mykje pengar i fornybar energi.

Likevel går CO2-utsleppa i landet opp.

– Utsleppa deira går opp for dei brenn kol som vert importert frå USA. Denne utviklinga kunne ha vore annleis om dei hadde hatt gass i staden for kol, seier han.

LES OGSÅ: – Dei ofrar Nordhordland

Difor meiner han at det vil bera heilt feil av garde om ein skal lytta på dei som vil stenga ned norsk gassproduksjon.

– Kva hadde skjedd om me hadde skrudd igjen kranane? Hadde det blitt meir solceller og vindmøller eller brenn dei meir kol?, spør han retorisk.

– Ei avstenging av norsk gasseksport vil vera øydeleggande for norsk sysselsetting men og øydeleggande for miljøet, hevdar han.

Difor meiner Borten Moe at ein må byrja med det som verkar fyrst, altså få slutt på brenning av kol.

– Då vert det enklare å gjera dei tinga som virkar i neste runde, seier han.

Lovar fleire straumledningar
Borten Moe seier at Noreg per i dag er det landet med høgast fornybarandel i Europa. Han viste til at ein har bygd ut mykje dei siste åra, og meir skal det verta.

– Det vert ikkje færre straumledningar rundt om kring i framtida, sa Borten Moe.

– Det var litt av eit valløfte, la han humrande til.

LES OGSÅ: Set CO2-nøytral energi i fokus

Fornybarandelen i Noreg ligg på rundt 62 prosent, den lovar han at skal opp til 67 prosent innan 2020. Men det vert ikkje lett, understrekar han.

– I Noreg har me tiltak og reguleringar ein ikkje treng å tenkja på i land som England med så låg grad av fornybar energi som dei har, seier han.

Han ser for seg at resten av verda kjem til å følgja etter Noreg på minst eit punkt.

– Ingen plassar i verda kostar det så mykje å sleppa ut CO2 som på norsk sokkel. Og det har ført til at norsk oljeindustri er den industrien som produserer mest og slepp ut minst, seier han.

LES OGSÅ: Storsatsing på bioenergi

Han viser til at fleire amerikanske delstatar har byrja å følga etter Noreg. Det same har Australia gjort.

– Dette er ein unik moglegheit for verdiskaping og eksport for Noreg, seier han, då dette vil gjera norsk gass meir attraktiv når prisen på kol går opp og gassen dermed kan konkurrera med svart kol.