Jens: – Player, boss eller hottie?

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forsking: Jens: – Boss eller hottie?

Folk går mann av huse for å kommentere profilbileta til Stoltenberg på Facebook, og ord som hottie, hyl, og gangster går igjen. Sosiolog Anne Krogstad meiner det oppstår ein ny politisk samtaleform omkring desse bileta.

– På sosiale medium kan politikarane sleppe unna dei vanlege journalistiske filtra, og presentere seg som dei vil. Det er eit fritt og ope medium, og folk er veldig frimodige i måten dei kommenterer på desse bileta, seier ho.

LES ÒG:– Statsministeren vert nok påspandert mange drinkar på byen!

Sprutande entusiasme
I ein artikkel i det nyaste nummeret av Tidsskrift for samfunnsforskning har ho analysert profilbileta til Jens Stoltenberg på Facebook. Når ho skulle gjere det bestemte ho seg for å ta utgangspunkt i kommentarane dei hadde fått, og ikkje berre i sine eigne refleksjonar og analyser. Då trengte professoren hjelp av både tenåringssonen og studentane sine, for å knekke kodane i dei nesten 800 hundre kommentarane.

– Vanlegvis er det forskaren sjølv som analyserer bileta, ut i frå komposisjon, lys, kontrastar, kva klede og haldning personen har. Men det som var så interessant her var at eg hadde så mange reaksjonar å sjå på. Desse bileta hadde fått nesten åtte hundre kommentarar då eg starta undersøkje dei. For meg blei det viktig å ta desse med, å sjå både på korleis kommentatorane reagerer på bileta,  men òg kva dei tillét seg skrive.

Vart du overraska over kva du fann?

Ja, eg vart veldig overraska over tonen. Det er ein overvekt av veldig rause og sjenerøse kommentarar, entusiasmen nesten sprutar ut. Dessutan verkar desse kommentarane å vere veldig umiddelbare og uredigerte, det er noko både veldig upolitisk korrekt og rått over det, seier ho.

Statsministeren – ein «hottie»?
Ser ein på kommentarane Krogstad har publisert i artikkelen, er det lett å skjønne kva ho meiner. Eit lite utdrag syner både kor uformelle folk er i kommentarfeltet til biletet.

«HOT HOT HOT<3<3<3» skriv ein, medan andre nøyer seg med eit enkelt «HOTTIE!!!!!», «SØT1 <3», eller «Fin». «Pen». Andre igjen fokuserer på andre kvalitetar, som kor tøff statsministeren er.  «Winter is coming», skriv ein og referer til den slagordet til familien Stark i den populære tv-serien Game of Thrones, medan andre ganske enkelt peiker ut Stoltenberg som leiar med kommentarar som  «Boss! :D», «Player! <3» eller «Mafia:L».

– Kommentarane til bileta skil seg ein del frå dei skildringane ein kan lese om Stoltenberg, andre stadar, i aviser eller bloggar. Tyder det at det er andre røyster som kjem fram her?

– Absolutt. Facebook gjør ein ny type politisk samhandling mogleg. Det er jo ikkje nett ein dialog mellom politikaren og kommentatoren – det er jo berre eit biletet som vert lagt ut – men det skapar dialog mellom brukarane, og sosial interaksjon.

LES MEIR: – Politikarane er som mobiloperatørar

Personifiseringa av politikken
Kommentarane Krogstad har sett på går svært ofte på Stoltenberg som person, som kor tiltrekkande, sympatisk eller tøff han er. Ifølgje Krogstad blir dette politisk fordi Stoltenberg inkarnerer politikken. Men kva tyder eigentleg det?

Jo, altså. Korleis skal eg forklare dette? Konkrete personar er jo alltid representantar for politikk, og for nasjonar. Det gjeld jo særleg ein statsminister, som representerer eit heilt land. Samstundes, når ein ser på desse bileta og kommentarane dei får inntrykk av dette bandet er sterkare enn berre ei form for representasjon. Stoltenberg på sett og vis personifiserer politikken.

– Derfor nyttar eg omgrepa «inkarnere» og «avatar». Avatar kjem frå sanskrit og tilsvarer der inkarnasjon. Opphavleg var det eit uttrykk for korleis gudane tok bustad i ein kropp når dei gjekk blant menneska, men i dag kjenner dei fleste, og i alle høve dei fleste unge, uttrykket frå spel eller internett, der ein avatar er ein figur eller eit bilete som representerer ein person i ei virtuell verd, forklarar ho.

Kampen for den gode kjensla
I artikkelen samanliknar Krogstad måten ein som speler data nyttar ein avatar for å gå inn i det virtuelle verda som til dømes eit dataspel, med måten Stoltenberg og andre politikarane nyttar sine avatarar til å skape gunstige representasjonar hos folk, og vere tilstades i deira medvit. Når du tenkjer på Stoltenberg skal du tenkje på ein bra fyr, rett og slett

Då er det ikkje dei politiske bodskapane som er det viktigast, skal vi tru Krogstad. Bileta stimulerer førestillingsevna til folk, og skaper til dømes eit ønske om relasjonar, noko ein mellom anna ser i kommentarar der Stoltenberg får alt frå invitasjonar om øl, til tips til korleis han bør stryke skjortene sine.

Kva er det med desse bileta som gjer at så mange kommenterer dei?

– Dei skapar ei kjensle av nærleik. Dette gjer dei både fordi dei liknar personen og gjev inntrykk av realisme. Dessutan er bileta ein eksplosjon av meining – i motsetnad til i tekst kor ein må lese seg fram til meining ord for ord, setning for setning, får ein her alt med ein gong, forklarar ho.

LES MEIR: Nokre gongar køyrer politikarane ein retorikk det ikkje er så lett å forstå

Mafiabiletet og maskulinitet
Eit av bileta Krogstad har fokusert på er det såkalla mafiabiletet. Her sit Stoltenberg i ei kvit skjorte, medan hovudet kviler i den eine handa i ein klassisk positur.

Dette er biletet som har fått flest av både kommentarar og likes, og det er her fleire av kommentarane retta mot Stoltenberg si rolle som sjef: «Konge», «Boss», «Mafia», «Gangster», «Player» er gjengangar her, i tillegg til utsegn som bekreftar manndomen til statstministeren: «Definisjonen av MANN» og «The Man».

Kva trur du det er med dette biletet som inspirerer folk til å like?

Dette biletet skil seg jo ein del frå dei tradisjonelle politikarportretta. Stoltenberg smiler ikkje, det er svart-kvitt, han er delvis uformell og utan dressjakke. Dessutan er lyset hardt, og han framstår med rynker og karakter. Dette i motsetnad til mange andre politikarar, som danske Helle Thorning-Schmidt, som oftare blir fotografert smilande i flatterande lys.

– Dette er den kule versjonen – annleis enn den smilande, kameratslige versjonen. Det er eit meir alvorleg bilete, men det er òg mogleg å lese inn ironi i det, noko fleire av kommentatorane gjer. I kommentarane skrive dei slike ting som boss og gangster. Folk er leikne, og det er noko av det som kjenneteiknar Facebook og sosiale medium.

Fridom og slacktivisme
Nett dette med at det i kommentarane under biletet er rom for leik og tull, er noko som har vore viktig for Krogstad i analysen hennar.

I artikkelen skriv du at desse bileta ikkje innprentar noko, men at dei freistar å vekke noko i folk. Kva meiner du med det?

Dette er ikkje bilete som tvingar på sjåaren ein bodskap, men ein står fritt til å kommentere. Dette er eit medium som er prega av ein tone som er veldig uformell, assosiasjonsrik og meiningssterk, samstundes som det er mykje tull og tøys. På sider som desse er det ikkje så farleg, Dette er eit uformelt rom – og mange av dei som kommenterer er nok unge. 

Går det an å tenkje på Facebook og sider som dette som ein lågterskel inngangsport til politikken?

Absolutt. Samstundes er det mange som nyttar omgrepet «slactivisme» (ei samansetting av slack, latskap,og aktivisme journ. merk.) om denne forma for politisk involvering, fordi det krev såpass lite av folk, berre eit klikk, ein like, eller ein signatur. Nokon meiner rett og slett at det er for lite forpliktande.  

Veit du om dette fører til anna politisk deltaking?

– Det er for lite forska på det til at eg kan seie noko om det. Men det er kanskje ikkje det viktigaste? For meg har det uansett vore interessant  å sjå på dette som eit nytt uformelt politisk medium, der nye røyster og nye utsegn kan bli høyrd, avsluttar ho.

LES MEIR: Valkamp på sosiale medium

Her kan du sjå ein tabell Krogstad lagde, som vart publisert i Tidsskrift for samtidsforskning: