Høyr kva reven eigentleg seier

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Revane er veldig sosiale dyr, og bruker lydar til å kommunisera med kvarandre heile tida. Dei lagar lydar under leik, varsellydar, paringslydar og for å markera revir, seier Nina E. Eide, seniorforskar ved Norsk Institutt for Naturforskning (NINA). Ho har forska og budd med rev i nær 20 år, og er ein av dei som kan mest om reven i Noreg.

– Eg er vel det ein kan kalla ein reveekspert, vedgår ho.

– Er det forskjell på korleis reven kommuniserer i det fri og i bur?

– Dyr i bur lagar nok ikkje så mykje lyd. Dei har mindre behov for å kommunisera. Men ein ser likevel at ein markerer revir, og lagar lydar i paringstida.

– Nokon seier dei forstår kva hundar seier. Kan du forstå ein rev?

– Eg veit noko om korleis det høyrer ut når til dømes ein kvalp og ei tispe kommuniserer saman. Det går til dømes  an å få eit bilde av kva det er dei seier til kvarandre når dei vil ha mat eller kjenner seg redde.

Høyr revekvalpar som leikar:

Høyr einsam rev som roper på paringspartnar:

Høyr rar revelyd:

Høyr paringsrop frå rev:

Ung rev roper:

LES OGSÅ:Nazibjørnar plagar landsbygda

Slu eller lur?
– Er reven lur eller slu, slik som det heiter i eventyra?

– Dei er jo nokre luringar, og er flinke til å finna og hamstra mat til dårlegare tider. I eventyra er dei vel meir slu, ler Nina E. Eide.

– Reven er vel blant dei dyra me menneske kan kjenna litt mental kontakt med. Dei likar å leika, og kan sjå litt lure ut. Måten dei legg blikket sitt, kan minna om oss når me samlar blikket for å sjå lure ut.

– Og så er jo revane nokre smartingar. Dei utnyttar ressursane dei finn, og er veldig tilpassingsdyktige.

LES OGSÅ: Så mange søte dyr drep kattar

Verda under sine potar

Revane er blant dei mest suksessrike artane me har på Jorda, ifølgje reveforskaren.

 – Dei finst no på alle kontinent. Det er enno nokre øyar der dei enno ikkje. Heldigvis ikkje, for dei kan gå ganske drastisk til verks mot til dømes artar som hekkar på bakken.

Her i Noreg reknar Nina E. Eide med at det er fleire hundretusen revar.

– Raudreven er i veldig stor framgang, og har ein veldig høg bestand i Noreg, mykje større enn den hadde hatt eit økosystem utan så stor menneskeleg påverknad, slik til dømes ein har i Alaska, fortel ho.  

LES OGSÅ: Milliardmannen bak Gangnam Style

Verdssensasjon

Musikkvideoen «The Fox» av Ylvis-brørne er blitt ein ny viral videosuksess som liknar verdas mest sette video, «Gangnam Style».

– Eg har aldri sett noko som nærmar seg dette i norsk målestokk før. Over éin million avspelingar på litt over to dagar! Alle dei store nettstadene i USA hyller Ylvis-brørne, og det strøymer inn intervjuførespurnader frå andre sida av jorda, seier mediesjef i SBS Discovery, Hanne McBride i ei pressemelding.

Før klokka 14 fredag var videoen sett to millionar gonger.

LES OGSÅ: 36 millionar har sett det dei har laga

I videoen blir reven framstilt som ein me ikkje veit kva har å seia, ein litt taus type som må ty til morse for å få sagt noko. Trass i at han ifølgje ekspertane er ein skikkeleg pratmakar. Framtida.no har prøvd å få kommentar frå Ylvis-brørne om dei burde ha gjort meir research før dei la ut videoen.

– Eg har dessverre ikkje høve til å få svar på det du spør om frå Vegard eller Bård, for dei er fullt opptatt med førebuingar til tysdagens program. Beklager dette! svarer Hanne McBride i ein epost til Framtida.no. På telefon utdjupar ho:

– Me hadde sjølvsagt sett at Ylvis hadde vore meir etterrettelege, men tilgjev dei for denne gongen. Det er ein fantastisk video dei har laga, og det er innhaldet i denne som gjer at folk går bananas og deler videoen på nettet. Me er utruleg stolt over at dette er laga for TV Norge.

Reveforskar Nina E. Eide synest videoen til Ylvis er artig, men revelydane som dei lagar er langt frå slik det er i røynda.

– Tredjestrofa i skogen er kanskje det som nærmar seg mest, men det blir litt vel ulvete, seier reveforskaren.

Her er reve-videoen til Ylvis:

Sjå ein informativ video frå Miljødirektoratet om fjellreven under:

For spesielt interesserte – høyr kva reven uttalar etter 3 minutt og 17 sekund:

For veldig spesielt interesserte: Høyr Ylvis-brørne syngja om forholdet sitt til høns!

Faktaboks

Raudrev er det mest vanlege rovdyret i reveslekta. Han er utbreidd over store delar av Nord-Amerika og Eurasia, men er lite representert i Afrika. Han finst også i Australia, men ikkje naturleg. Ei rekkje underartar er skildra, men systematikken er svært uklår i augneblinken. Generelt deler ein derfor raudreven inn i fargevariantane vanleg raudrev, krossrev og sølvrev.

Les meir om raudreven på Allkunne og Wikipedia!