– Det er fantastisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utanriksdepartementet (UD) offentleggjorde tysdag at dei gjev grønt ljos for at politisk utviste studentar kan studera i Noreg. I første omgang vil 20 studentar som er vorte utvist frå sine lærestader, få høvet til å fullføra utdanninga i Noreg.

Cho Lucas frå Kamerun er ein av dei som no får fortsetje utdanninga si i Noreg.

– Det er fantastisk at Noreg har innført denne ordninga. Dette sender eit sterkt signal til autoritære regime som undertrykkjer studentaktivistar, seier Lucas.

Han får byrje på ein doktorgrad ved Universitetet i Oslo. I Kamerun var det ikkje mogleg kombinera utdanning og vere studentaktivist som arbeidde for demokrati.

– Eg var ein studentaktivist som publiserte innlegg i avisene i Kamerun. Regjeringa likte ikkje dette, og eg vart utvist frå universitetet, fengsla og torturert, seier Lucas.

Han var seinare med på å danne ein ungdomsorganisasjon som dreiv kampanjar.

– Styresmaktene gjorde det vanskeleg for oss, og studentane fekk store problem med å fullføre utdanninga. Eg måtte sjølv flykte til Tyskland, seier den tidlegare aktivisten.

Lucas håpar han kan returnere ein gong i framtida.

– Eg ynskjer å kome meg tilbake til Kamerun og universitetet der eg ein gong studerte.

LES OGSÅ: Frivillig – fordi eg fortener det 

Ein diktators største frykt
Den nye ordninga vart offentleggjort på ein pressekonferanse tysdag, der både utanriksminister Espen Barth Eide, utviklingsminister Heikki Holmås og UiO-rektor Ole Petter Ottersen deltok.

UD har bestemt seg for å gje 23,5 millionar over fire år til ordninga, ei ordning utanriksministeren omtalar som «ein glitrande god idé».

– Det er eit veldig sentralt punkt i vår utanrikspolitikk å stå opp for menneskerettsforkjemparar. Den største frykta til ein diktator er engasjerte studentar, seier Barth Eide.

LES OGSÅ: Tilbyr sofaen til huslause studentar

Sentral utanrikspolitikk
Det er Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH) og Norsk studentorganisasjon (NSO) som har pressa på for å få gjennom ordninga.

Leiar i SAIH, Anja Bakken Riise, er glad for at dei endeleg har fått gjennom forslaget, og meiner støtta dei har fått den siste tida har vore avgjerande.

– Me visste at den praktiske gjennomføringa ville verte vanskeleg. Men sidan me blant anna har fått rektorane ved UiO og NTNU, Ole Petter Ottersen og Thorbjørn Digernes, til å skriva under på oppropet vårt, har dette styrkt stemma vår hjå UD, seier ho.

Ordninga har òg vekt politisk engasjement.

– Det har vore ei brei oppslutning for ordninga, frå heile den politiske skalaen. Både Høgre, Venstre, KrF og SV har vist stort engasjement for saka.

Riise trur at å plukke opp studentane rett etter utvisinga kan hindra at dei hamner i ein svært farleg situasjon kor dei risikerer vondare former for forfølging – og til slutt endar opp som asylsøkjarar.

– Me vil unngå asyl, og heller gje dei høvet til å få seg ei utdanning. Samstundes kan dei takast bort frå ein sårbar situasjon for ein periode, før dei kan reise heim att.

LES OGSÅ: Fleire norske ERASMUS-studentar

Ynskjer smitteeffekt
På pressekonferansen var det brei semje om innføring av ordninga, og fleire peikte på at Noreg må få andre land til å kaste seg på bølgja.

Utviklingsminister Heikki Holmås meiner Noreg no bør inspirere andre statar til å ta inn utviste studentar.

– Politisk aktive studentar er hjartet i demokratiet, studentaksjonar har vore med på å skape debatt i samfunnet, seier Holmås.

NSO-ledar Ola Magnussen Rydje stiller seg bak utviklingsministeren.

– Dette syner kvifor kritiske røyster er viktige. Noreg syner at me er eit føregangsland: Me set lik rett til utdanning og solidaritet høgt. Som eit land som går føre, kan me prøve å få med oss andre universitet i Noreg og i utlandet, seier Rydje.

LES OGSÅ: Studentar med born nedprioriterast

Saka var først publisert i Universitas.