Stig Ulv klar for Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg seier at det er på nynorsk, for titlane er det, ler han.

To album har det vorte på 1,5 år. «Strengetonar» i 2012 og «Klimprar» i april i år. Begge har vorte tatt vel i mot, og no er han klar for å ta musikken med seg rundt i Noreg. Frå 12. september til 22. november skal han turnere, berre med seg sjølv og gitaren på scena.

– Eit one-man-show. Det er veldig spennande. Eg er ikkje nervøs, berre veldig, veldig gira, røper han.

Kjende scener
For det er inga hemmelegheit at den store draumen til Stig Ulv er å kunne leve av musikken. I eit par månader får han kjenne på kjensla av å få gjere det han likar aller best, og berre det. 12. september startar han i Lillehammer. Deretter skal han innom både Bodø, Oslo, Fredrikstad, Stavanger, Bergen, Fosnavåg og Ålesund.

– Eg har fått innpass på scena hos jazzklubben Herr Nilsen i Oslo. Det er svært. Og Madam Felle i Bergen. Dette er veldig kjende scener, og det å skulle få halde solokonsertar her vert veldig spesielt og bra, trur han.

Kjem sterkt tilbake lokalt
Stig Ulv nyttar seg av ferie og avspasering frå jobben i Helfo for å få tid til turnelivet. Han gler seg til å få spele for nytt publikum, og håper gitarspelet vil falle i smak. Han er i alle fall klar til innsats.

– Eg slapp mi siste plate i april, og spelte mykje fram til juni, men no har eg hatt to månaders pause, så eg er veldig klar for å få gjort ting no. Det har vore ein lang prosess å få alt på plass, men no er det ferdigspikra, og eg gler meg til å kome i gang.

 Konsertane han har planlagt vert lenger enn det han vanlegvis brukar, og han kjem til å spele musikk frå begge albuma sine.

– Eg har tenkt og pønska for å få alt til å stemme. Eg går veldig inn i dette og kan nesten verte litt gal av det, men for meg er dette veldig lystprega.

Lokalt vert det lite klimpring i denne omgang, men Stig Ulv lovar å kome sterkt tilbake.

– Eg må halde litt igjen, for eg har planlagt noko på nyåret for ørstingane og voldingane. Eg kjem sterkt tilbake lokalt.

Les saka i Møre-Nytt!