– Vil avdekke fossila i politikken

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klimafadder for politikarar

«Kjære Per Sandberg. Det er ei glede å ha deg hangande på kjøleskåpet mitt,» skriv leiar i Changemaker Ingrid Aas Borge på Changemaker-bloggen.

LES OGSÅ: – Verdas største utfordring

Hjelp og press
Changemaker er ein av organisasjonane som er med i kampanjen Klimavalg 2013, som står bak kampanjen med klimafaddarar.

– Me ville lage ein enkel, positiv og kreativ kampanje, som både skal hjelpe og presse politikarane til å setje klima på dagsorden, fortel Borge.

Borge har fått Framstegspartipolitikar Per Sandberg som klimafadderborn, noko som inneber å sende positive tankar i den hektiske valkampen som skal gjere det lettare å setje klima på dagsorden. Til no har det blitt med forsøka på tankeoverføring, Sandberg har ikkje svart på lunsjinvitasjonen på bloggen hennar.

LES OGSÅ: Vil gjera Noreg karbonnegativt

Lofoten fiskesuppe
Kva menyen hadde bestått av om Sandberg hadde kome på vitjing er ikkje heilt klart, kanskje eit heilgrønt tema, kanskje kortreiste rotgrønsaker som ikkje har vorte sprøyta, lokal fisk eller Lofoten fiskesuppe, for å kome inn på det verkelege temaet:

– Eg ville spurt han konkret om kva han meiner me må gjere med FN sine anbefalingar om å la to tredelar av dei fossile brennstoffa liggje. Om han meiner me kan la noko av olja liggje, slik at fattigare land, som finn olje kan få nytte seg av denne ressursen, seier Borge.

LES OGSÅ: Unge har blitt meir opptatt av klimaet

Alle parti får fadder
Leiaren i Changemaker tykkjer ikkje klima er eit stort nok tema i årets valkamp og saknar det særleg i partileiardebattane.

– Ingen snakkar om norsk oljeutvinning opp mot klimaspørsmåla. Det er ingen som vil me skal skru att krana med ein gong, men me må snart byrje å tenkje på alternativ, meiner ho, som og saknar at politikarane diskuterer meir konkrete tiltak for å nå utslippskuttmåla som Noreg har forplikta seg til.

– Utsleppskuttmåla i klimaforliket – som Frp som einaste parti ikkje er med på – er dessutan mykje mindre ambisiøse enn politikarane vil ha det til, seier Borge, og siktar til at politikarane vil kutte utsleppa tilsvarande 30 prosent av estimerte utslepp i 2020 om me fortset som i dag, ikkje 30 prosent av 1990-nivået, som er kravet frå FN.

Kampanjen Klimavalg 2013 har òg trilla terning på partia sin klimapolitikk. Der kom Frp dårlegast ut med 2-, medan Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) fekk ein rein 6-ar. Men klimafadderane diskriminerer ikkje, òg Rasmus Hansson i MDG har fått ein fadder.

LES OGSÅ: – Oljefondet knuser hjarta våre

Twitter-kampanje
Sjølv om ikkje Borge har fått direkte kontakt med Sandberg, har andre klimafadderar hatt meir hell med sine framstøyt. Klimafadder Guro Klausen møtte sitt fadderbarn Torstein T. Solberg (Ap), for eit rørande møte der Solberg fekk Lofoten fiskesuppe og Klausen fekk rose.

Klimafadder Tuva Krogh Widskjold lukkast med å få klimafadderbarnet sitt Jan Tore Sanner i Høgre til å blogge om klima. Dette fekk ho til via Twitter, som er ein viktig kanal for kampanjen #klimafadder.

Fleire politikarar har òg sett verdien i kampanjen opp mot valet.

– Nokre politikarar har kome til oss og spurd om å få klimafadder, Trine Skei Grande møtte sin fadder og spurde etterpå korleis ho kunne få kontakt med han att, fortel Borge.

– I tillegg til å hjelpe politikarane med å få klima på dagsorden, vil me avdekke fossila i politikken, bokstaveleg talt.


Torstein Solberg la ut dette biletet på Twitter etter å ha møtt sin #klimafadder.