Spelejenter i sommarsol

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Veronika Larsen Pogacar er 24 år og jobbar i barnehage. Og ho speler dataspel. Gjerne kvar dag. Gjerne mange timar.

Likevel er det ikkje alltid ho blir teke på alvor dataspelar, eller gamer som ho kallar seg.

– Det har hendt at eg har fått kommentarar på at eg ikkje er ein «ordentleg gamer», berre fordi eg er jente, eller at eg automatisk er dårlig i spel på grunn av kjønnet mitt, seier ho.

LES OGSÅ: Dataspel reddar ungdommen

Oppstyr om kvinneleg Xbox-sjef
For framleis er det mange som ser på dataspel som ein gutegreie. Ikkje minst blant gutane som speler spel sjølv.

Dette blei godt illustrert tidlegare i sommar, då Microsoft i juli tilsette Julie Larson-Green som sjef for Xbox, tv-spillkonsollen deira. Det var ei avgjersle som sette sinna i kok hos mange spelarar. På spillforumet NFG var det fleire som uttrykte redsle for at det “no ville kome bake- og strikkeapps”.

Svært mange tvila òg på at Larson-Green sjølv har spelt spel, og at ho kunne ha kjennskap til dataspel. Som brukaren Deano formulerer det på gamespot.com “Kva veit ei kvinne i førtiåra om speling? Eg veddar på at ho ikkje nokon gong har spelt eit spel i meir enn 10 minutt.”

Dei som set fokus på at jenter er underrepresentert i dataspela risikerer òg å bli møtt med hets. Etter at bloggaren Anita Sarkeesian skreiv om kvinnerollene i dataspel fekk ho blant anna gjentekne trugsmål om valdtekt, mellom anna på twitter.

LES OGSÅ: Dataspel skal vekkje realfagsinteresse

Damer speler likevel
Trass i at jenter kan møte alt frå hets til undring når dei fortel at dei speler, er det stadig fleire jenter som speler dataspel. Tal frå den amerikanske spelorganisasjonen ESA syner at 45 prosent av alle som speler er kvinner, og at vaksne kvinner utgjer ei større gruppe av dataspelarar enn gutar under 17 år.

Samstundes syner undersøkinga deira at kvinner òg utgjer ein stor del av dei mest ihuga spelkjøparane, med heile 46 prosent. 

Veronika kjenner seg godt igjen i statistikken. Ho speler nesten kvar dag, og ho speler med sambuaren, med vener og med folk ho kjenner frå internett. Og kva er favorittspela hennar?

– Eg har ein veldig stor forkjærleik for Blizzard-spel, både dei nye og dei gamle, fortel ho.

– Dei spela eg har spelt mest dei siste åra, og framleis speler enno er Starcraft 2, World of Warcraft og Diablo 3. Elles speler eg spel som The Elder Scrolls V: Skyrim, The Secret World. Left 4 Dead 2, for å nemne eit par. Men Starcraft 2 er heilt klart favoritten, konkluderer ho.

LES OGSÅ: Valdelege dataspel går fri

Usynleggjorte jenter?
Men om halvparten av spelarane er kvinner, kvifor tviler så mange på at jenter kan vere ordentlege dataspelarar?
– Sjølv om folk flest kan sjå på statistikkane at fleire kvinner spelar spel, er det mange som tviler på at det er sant sidan dei ikkje har høyrd om eller sjølv kjenner så mange spelande kvinner, seier Maren Agdestein.

Ho er redaktør på bloggen «Spillpikene», har skrive boka Dataspill (saman med Bård Stenvik) og skreiv i 2009 masteroppgåve om kvinner (over 18 år) og deira forhold til spel.

Bakgrunnen for masteroppgåva var det paradokset at kvinner speler nesten like mykje som menn, men samstundes er veldig usynlege som gamerar.

Ho peiker på media, nettfora og spelkonkurransar som typiske plasser der kvinner er mindre synleg i enn menn.

– Men det tyder ikkje at statistikken lyg, at dei spelande kvinnene ikkje er der, det er berre ikkje slik at kvinnene går rundt med proklamerande t-skjorter og skryt ved lunsjbordet om spelsamlinga si, forklarar ho.

LES OGSÅ: Bruker meir tid på skule og dataspel

Kvifor så stille?
Når Agdestein leita etter forklaringar på kvifor kvinner ikkje snakka så mykje om spelinga si, fann ho ut at det kunne knytast til frykta for å verke barnsleg, like mykje som mannleg.

– Folk seier «gutegreie» og ikkje «mannegreie», og vi må ikkje gløyme at alder kan ha vel så mykje å si som kjønn.

– At speling av mange vert sett på som ein barnleg aktivitet kan gjere både menn og kvinner litt flaue over spelinga si. Eg meiner sjølvklart at dataspel er ein aktivitet for alle aldrar, forklarar ho.

LES OGSÅ: Lanserer dataspel mot dødsulykker

Med spel som lidenskap
Noko ser heldigvis ut til å ha endra seg sidan Agdestein skreiv oppgåva si. Veronika er i alle høve ikkje redd for å fortelje verda at ho speler.

Og når det kjem til favorittspelet StarCraft2 så er interessa så stor at ho ikkje berre speler spelet sjølv. Ho er ei av jentene som både følgjer med på, diskuterer og snakkar om spel.

– Eg liker å spele sjølv, men òg å sjå på andre spele i konkurransar. Eg følgjer med på turneringar, leser dagleg om det, og nyttar mykje tid på eSports, fortel ho.

I tillegg til å følgje med sjølv, er spel ein stor del av vennegjengen hennar.

– Når det er store turneringar og finalar hender det at eg inviterer vener for å sjå på, fortel ho.

– I tillegg nyttar eg twitter mykje, til å diskutere spel med andre.

Synleg marginalisering
– Eg blir glad kvar gong ei jente eller kvinne opptrer i media som dataspelar, og aller mest når det er på grunn av ein bragd eller ei meiningsytring, seier Agdestein.

For ofte når kvinner pratar om spel i media, vert det om nett kvinner, spel og marginalisering.

– Ein skal ikkje slutte å kommentere at ein føler seg marginalisert som kvinne eller blir utsett for sjikane som kvinneleg spelar, men eg synes personleg det er påfallande at det oftast er slikt innhald som kvinnelege stemmer som kommer til syne med i media. Det er mange positive forteljingar vi bør løfte fram i tillegg. Men for all del, trakassering skal aldri bli tia ihel, seier ho.

Veronika Pogacar meiner det stor sett er okei å vere kvinne og gamer.

– Dei fleste tykkjer det er kult, seier ho.

– Men det har hendt at eg har fått kommentarar på at eg ikkje er ein ordentleg gamer berre fordi eg er jente, eller om at eg automatisk er dårleg på grunn av kjønnet mitt.

Heldigvis gir ikkje jentene seg med å spele av den grunn. Og skulle du vere i tvil på om dei er gode, er det berre å utfordre ei av dei. Omlag halvparten av dataspelarane er jo kvinner.

Måtte beste gamer vinne.