Jublar for auka stipend til yrkeselevar

Regjeringen sett av 32 millionar i statsbudsjettet til auka stipend for elevar i vidaregåande skule.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

40.000 elevar vil få meir i utstyrsstipend til neste år.

– Me ser at dagens satsar ikkje dekkjer utgiftene elevane faktisk har, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) til Aftenposten.

Elevar på elektrofag, musikk, dans og drama og studiespesialisering med fordjuping i formgjeving eller toppidrett frå frå neste haust 2060 kroner i staden for 930 kroner. Elevar på idrettsfag, design- og handverk og restaurant- og matfag vil få 3500 kroner, 530 meir enn i dag.

LES OGSÅ: Vil ha nye og betre yrkesfag

– Venta på lenge
Eit av dei ti krava som Elevorganisasjonen stiller til ei ny regjering er prinsippet om gratis skule for alle. Dei har lenge stått på for at utstyrsstipendet må aukast.

– Dette har me venta på lenge. Mange elevar får ikkje dekkt dei utgiftene dei har med det stipendet. Enkelte har vore nøydde til å dela på knivane på kokkelinja. Nå slepp elevane å bruka så mykje pengar av si eige lomme, seier Liv Holm Heide, leiar i Elevorganisasjonen til Aftenposten.

Fagleg leiar i Sosialistisk Ungdom, Tine Søderstrøm Knutsen, jublar også:

– Takk til fagrørsla for fantastisk samarbeid. Takk til alle SU-aktivistar som har reist land og strand rundt og besøkt yrkesfagelevar. Takk til Audun Lysbakken for at han har lytta til ungdommen. Organisering nyttar! Dette er ein enormt stor dag for SU, fagrørsla og for yrkesfaga, uttalar ho.