Fryktar oljesvart Storting

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Spørsmålet om oljeleiting i Lofoten, Vesterålen og Senja er sjølve syretesten på korleis partia står i høve til klimautfordringa, seier Haltbrekken og oppfordrar til å stemme på eit parti som vil bremse oljeaktiviteten.

Naturvernforbundet har landsmøte i Trondheim frå fredag til søndag. Leiarvalet er kanskje det minst spennande punktet på landsmøtet: Ein einstemmig valkomité har gått inn for å gi Haltbrekken to nye år. Det er ikkje varsla motkandidatar mot den 42 år gamle trønderen, som har vore leiar i Naturvernforbundet sidan 2005.

Uvisst miljøval
Frå ein miljøståstad er det mykje større uvisse om resultatet av stortingsvalet 9. september. Uvissa blir styrkt av framgangen til Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) og den effekten det kan ha for andre meir eller mindre grøne parti.

– Framgangen for MDG har ført til at miljøspørsmåla har komme høgare på dagsordenen i valkampen. Det er flott. Håpet er at det kan styrkje alle partia som prioriterer klima og miljø, og at alle kjem over sperregrensa, seier Haltbrekken.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!

– Oljesvart
Frykta er at dei grøne partia skal stele stemmer frå kvarandre, og at fleire av dei kan hamne under sperregrensa.

– Marerittet er eit oljesvart Storting med eit solid fleirtal for å pumpe opp så mykje olje som råd, heilt opp mot Nordpolen.

Naturvernforbundet har definert haldninga til oljeverksemd i Lofoten, Vesterålen og Senja og tempoet i oljeaktiviteten som eit vass-skilje i norsk miljøpolitikk. Venstre, SV, MDG, Sp, KrF og Raudt hamnar på den «grøne» sida av vass-skiljet, Ap, Høgre og Frp på den andre.

– Vi går ikkje ut og tilrår folk å stemme på det eine eller andre partiet. Men vi håper klima og miljø i framtida kjem til å telje meir enn søndagsopne butikkar når folk skal stemme, seier Haltbrekken.

Energidilemma
Vindkraft blir eit anna viktig punkt på landsmøtet til forbundet. Fornybar vindkraft blir halde fram som eit klimavennleg alternativ. Samtidig kan vindkraftutbygginga bety store naturinngrep.

– Landsmøtet kjem nok til å vedta ei fråsegn mot dei omfattande vindkraftplanane langs kysten av Trøndelag, som raserer den inngrepsfrie naturen på Fosen. Dette er eit skrekkeksempel på korleis ein ikkje skal byggje ut fornybar energi, seier Haltbrekken.

Ungdomsorganisasjonen til Naturvernforbundet, Natur og Ungdom, er mykje meir positive til vindkraft enn moderorganisasjonen. Det same er organisasjonar som Bellona og Zero.

Naturvernforbundet er med sine 99 år den eldste miljøorganisasjonen i landet. Forbundet har drygt 20.000 medlemmer fordelt på 100 lokallag. (©NPK)

Les siste klimanytt her!

Kva meiner du? Bør oljeutvinninga halda fram som før, eller bør Noreg fasa ut oljeaktiviteten?