Usunn mat kan gi born angst
Usunt kosthald under svangerskapet eller i dei første barneåra kan auke risikoen for at barn får åtferds- eller emosjonelle problem.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det viser ein studie gjort av Folkehelseinstituttet, der det er brukt informasjon frå over 23 000 kvinner i Mor- og barnundersøkinga. Resultata i studien viser at dersom mor hadde eit høgt inntak av usunn mat gjennom svangerskapet, auka risikoen for at barna utvikla åtferdsproblem i tidlege barneår.
I tillegg fann forskarane ut at barn som åt usunn mat i dei fem første leveåra, eller ikkje åt nok næringsrik mat, hadde ein større risiko for å få symptom på depresjon og angst i tillegg til åtferdsproblem.
Studien viser at det ikkje er berre usunn mat som kan knytast til psykiske plager, men også det å ete lite av sunne matvarer, ifølgje Folkehelseinstituttet. Usunn mat for barn blei definert som til dømes vaflar, sjokolade, pizza og is, mens sunn mat blei definert som blant anna fiskeprodukt, grønsaker, egg og brød med kjøttpålegg.
– Vi justerte for ein lang rekke bakanforliggjande eigenskap som kunne ha forklart samanhengen, slik som sosioøkonomisk status og den psykiske helsa til mor, men resultata var uendra, seier Eivind Ystrøm ved Folkehelseinstituttet. (©NPK)