Kjærast med rus

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 01.12.2017 11:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Menneske kan ikkje reddast

– Eg plar å seie at menneskjer kan ikkje reddast, dei må redde seg sjølve, seier “Lene”, som snakkar av erfaring.

Ho er i midten av tjueåra, som tenåring fekk ho ein jamaldrande kjærast, som då hadde hatt eit rusproblem i nokre år.

– Alt i byrjinga var eg bevisst på at rusen var eit problem, men til ein viss grad trudde eg problema var mindre enn det dei var, og til ein viss grad trudde eg på myta om at kjærleiken overvinn alt.

Etter tre-fire år la ho forholdet bak seg og ho har no fått det litt på avstand. Ho meiner at openheit er svært viktig, saman med respekten for dei som er i ein slik situasjon. Historia vert likevel fortalt anonymt av omsyn til andre involverte.

LES OGSÅ: Rusavhengige hjelper kvarandre ut

Reknestykket går i minus
Kjærasteparet vart sambuarar etter kort tid. I byrjinga, medan det stod på, snakka ho ikkje med nokon om det. Ikkje at det var noko bevisst val å skjule det, ho følte meir at det å snakke om andre sine problem vart litt illojalt.

“Lene” har innsett at det er sunt å snakke med nokon for å forklare og rettferdiggjere sine eigne val.

– Mot slutten gjekk eg til psykolog og då innsåg eg at nesten alle problema mine var knytt til eit anna menneske. At eg hadde problem som ikkje var mine eigne gav ei avmaktskjensle.

Ho samanliknar det med forhold der andre negative ting speler ei stor rolle, som vald eller psykisk misbruk. Det er oftast noko godt i desse forholda som får den andre til å bli verande. Sjølv kallar ho eks-kjærasten sin for den beste venen ho nokon gong har hatt.

– Det er som om hjarta og hovudet ikkje kommuniserer. Ein legg ikkje saman plussane og minusane, men skil dei frå kvarandre og fokuserer på ein ting om gongen. Men om ein legg dei saman – og ser at det kjem ut i minus til slutt – hjelper det ikkje kor mange plussar det er, konstaterer ho.

LES OGSÅ: Ein av fem gutar gjer som Andreas

Vekslande personlegdom
Kjærasten rusa seg på det meste av illegale stoff, mellom anna speed. Særleg var tillitsbrotet og løgnene om rusen vonde, utryggheita.

– Det er ikkje eit trygt forhold når den andre vekslar mellom personlegdommar.

“Lene” er takksam for at ho kom seg ut når ho gjorde det, men har likevel kjent på følgjene.

– Det er ikkje som ei dør som ein berre kan lukke, seier ho.

I etterkant av brotet vart ho deprimert. Ho hadde missa litt av retninga i livet.

– Eg trur verken eg eller han var skikkeleg klar over kor stor makt han faktisk hadde over meg.

LES OGSÅ: Mest rusmisbruk utanfor storbyane

Mange spørsmål
I bearbeidingsprosessen er det nokre spørsmål ho har stilt seg og nokre ho har latt vere. Ho har lurt på kva tid han var rusa og ikkje. Ho er heller ikkje heilt sikker på kven som har mistenkt noko. Sjølv når det var tydeleg for ho at han var rusa, var det ingen som kommenterte det ovanfor ho.

– Eg hugsar ein gong me var på middagsbesøk. Han hadde berre drukke ein sup med vin, men var heilt sløv og sov nesten med bordet, seier Lene, som meiner at det ikkje alltid er like lett å sjå kven som er rusavhengige.

Ho peikar på at me har stor respekt for folk sitt privatliv, noko som kan vere både positivt og negativt. Sjølv er ho ikkje sikker på om ho skulle ynskje nokon hadde konfrontert ho med det.

– I ettertid har eg vore sint på meg sjølv. Korleis eg som har så mykje respekt for meg sjølv kunne underleggje meg ein person, som er styrt av noko så idiotisk som rus.

LES OGSÅ: Eks-narkomane ofte einsame

–Stålsett deg
Ho har ikkje kontakt med ekskjærasten sin i dag fordi ho «framleis tykkjer det gjer for vondt å sjå på at eit menneske øydelegg seg sjølv».

Og skal ho gje råd til andre som skal ut av eit nedbrytande forhold, vert det dette:

– Stålsett deg. Fordi det er ikkje over før det er heilt over. Det kan verte verre før det vert betre. For meg vart det det.  Men etterpå vert det betre uansett.

Det vart nokre tøffe månadar. I løpet av perioden starta ho i ny jobb. Første dag gløymer ho ikkje. Kjærasten min hadde stått opp tidleg. Han sa han skulle ta livet av seg og forsvann ut døra. Eg trudde ikkje på han lengre, fordi han hadde truga med det før, men det var ein ubehageleg dag, og det kunne nok dei nye kollegaane mine merka, fortel ho.

Ho har vore nøydd å jobbe med å få attende evna til å bry seg om andre og å ikkje vere så skeptisk til folk.

– For “Lene” vart det eit val mellom det livet ho ville leve og det mennesket ho ville leve med.

– Ein rusmisbrukar er fortapt i rusen. For meg var det alltid han på topp, men for han kom rusen før meg. Det er berre seg sjølv og rusen ein rusmisbrukar tenkjer på, ein vert ein egoist.

Ho vil ikkje åtvare andre mot å skape relasjonar med folk som har problem generelt. Men ho vil rå folk til å sjå problema, spørje om dei og høyre om dei med problem har ein klar plan for å fikse dei.

– Dersom dei seier ja til hjelp, men nei til dei konkrete forslaga, vil dei ikkje ha hjelp.

LES OGSÅ: – Vi må tore å tenke nytt

Pårørande vert usynlege
Bente Sivertsen er spesialsjukepleiar ved Borgestadklinikken Blå Kors Sør der ho dagleg arbeider med rusmisbrukarar og deira pårørande. Ho fortel at nokre pårørande sine problem vert usynlege bak rusmisbrukaren sine problem. Det er òg vanleg at pårørande ikkje tek kontakt med hjelpeapparat før situasjonen deira har gått så langt at dei har fått tydelege symptom, som søvnvanskar eller at det påverkar arbeid eller skule.

– Pårørande får ofte relasjonelle og psykososiale problem fordi deira eigne behov vert sett til side til fordel for den som rusar seg. Hovudprosjektet deira vert å prøve å få den som rusar seg til å slutte, fortel Sivertsen.

På klinikken prøver dei å få dei pårørande til å sjå kva som står i deira makt og kva dei ikkje kan endre på. Avmakt er ei vanleg kjensle hjå dei som står nær ein rusmisbrukar. Pasientane gjev tilbakemelding om at når dei tør å vere opne vert det lettare å bere.

– I ein fase er dette veldig skyld og skambelagt, men dette er noko som faktisk kan ramme alle, peikar Sivertsen på.

LES OGSÅ: Vil legalisera narkotika

– Mange viklar seg inn
Ho presiserer at kvart enkelttilfelle er spesielt, og at det difor er vanskeleg å generalisere. Det er annleis å leve med ein som misbruker alkohol enn ein som nyttar illegale stoff. Det er annleis å vere kjæraste med, enn born av, ein rusmisbrukar.

Eit trekk er likevel at det oppstår eit spesielt samspel mellom rusmisbrukaren og dei pårørande, og at dei som står rundt sjeldan tek kontakt med hjelpeapparat før dei har fått symptom som går utover kvardagslivet.

– Mange viklar seg inn i ein situasjon der dei dekkjer over for den som rusar seg og hjelper dei. Her er det viktig at ein set foten ned, fortel Sivertsen.

Dei fleste som kjem til Borgestadklinikken er vist dit av fastlegen sin. Kommunane har i regelen ansvar for oppfølging av pårørande, men tilbodet vil variere frå kommune til kommune.

LES OGSÅ: – Må satsa meir på førebyggjing

Ein av ti slit
Meir enn halvparten av dei spurde i Oslo, Stockholm, Helsinki og København sa i 2011 at dei på eit tidspunkt hadde uroa seg for narkotikabruken til nokon dei kjenner. 10 prosent av desse hadde betydelege plager som følgje av dette, syner forsking publisert i Nordisk alkohol- og narkotikatidsskrift.

Hans Olav Melberg var i 2011 tilsett ved SIRUS og bidrog til rapporten om skadeomfanget rundt rusmisbrukarane i Norden. Han meiner at det er mykje meir kjennskap til rusmisbrukarane enn dei pårørande.

– Det kan vere eit problem av to orsakar. Det eine er at rusmisbrukaren gjerne treng dei pårørande til å kome ut av misbruket. Det andre, som undersøkinga vår synte, er at dette er eit helseproblem for dei pårørande, seier Melberg.

“Lene” tykte det var vanskeleg å finne ut kva hjelpetilbod som fantes for pårørande til rusavhengige.

I 2011 varsla Helsedirektoratet ei opptrapping av tiltak på rusfeltet, både når det gjaldt rusmisbrukarar og dei rundt. Året etter kom ein eigen nettportal for pårørande. I tillegg finansierer Helsedirektoratet RUStelefonen, ei lågterskelteneste som er open for både brukarar, pårørande og andre.

Ein misbrukar kjem sjeldan åleine
Landsforeningen mot Stoffmisbruk har òg sitt eige pårørandesenter med ei lågterskeltelefonteneste, og får rundt 350 telefonar i halvåret. Mange av desse snakkar med nokon om problema for første gong.

– Dei pårørande vert fortsatt gløymd, konstaterer Kari Sundby, dagleg leiar i Landsforeningen mot Stoffmisbruk.

Dei fleste rusmisbrukarane har ein eller fleire pårørande som slit med deira avhengigheit. Ein rusmisbrukar er sjeldan heilt åleine. Den vonde situasjonen er smittsam.