Knipsar seg inn i samfunnet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sist veke byrja han med kurset  for 14 dansk-somaliske ungdomar i alderen 11-16 år i København.

– Formålet med dette prosjektet er å skapa rollemodellar for somaliske born og visa den danske folkesetnaden at dei fleste somaliarar er integrerte i den danske kulturen. Me skal fotografera med danske kle og somaliske kle (òg kalla for hiddo iyo dhaqan) for å framheva det danske og det somaliske saman. Og at dei somaliske ungdomane ikkje har mista verdiane deira og normer, men at dei har tatt det beste frå begge land, seier Yousef Shamari. Han blei ferdig på vidaregåande ved Fystikkalléen skole i Oslo før sommaren, og vann fotokonkurransen til Magasinett og Framtida.no i fjor sommar.

Kva har de teke biletet av?

– Me har vore ute på museum, designhus og ute på stader der det er ghettoliknande utsikt. Me har tatt bilde av alt, frå utstillingar til naturen og vegar, veggar, bygningar, natur – alt dette er for å fortelje om fortida til fotografen.

– Eg har lært dei òg at: fotografi er ikkje berre å ta biletet. Men det handlar mykje om kjensler og fortid. Fotografen pleier som oftast å ta bilete utifrå hans ståstad og fortida hans. Fotografi blir òg brukt til å dokumentere minne, opplevingar sånn at dei ikkje forsvinn. Fotografi blir brukt mykje som ein psykologisk metode for å slappe av òg.

– Etter at eg sa det, har dei blitt endå flinkare til å ta bilde.

LES OGSÅ: Hva betyr det lille røde passet?

Korleis er det for deg å få eit slikt oppdrag?

– Det er så fantastisk. Eg har ikkje ord på at dette verkeleg skjer med meg. Dette har vore draumen min sidan eg starta med å halde eit kamera, sidan 1. klasse på vidaregåande, seier Yousef Shamari.

– Ungane elskar heile opplegget, og dei ber om meir. Men det held med 3-4 timar. Eg skal ikkje leggja skjul på at ungane er blitt kjempeflinke.

– Viss du tek deg ein titt inn på bloggen min, så vil du sjå masse flotte bilde!