Nordmenn kan akseptere mindre velferd

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Går med på mindre velferd

I den landsomfattande undersøkinga svarar over halvparten at vi bør stramme inn og endre velferdsordningane for å tvinge fleire ut i arbeid og sikre økonomien. melder NRK.

Samtidig viser undersøkinga at eit stort fleirtal støttar hovudprinsippa i den norske modellen.

– Det er ei sterk og stigande støtte til den norske samfunnsmodellen. Det er tydeleg uttrykt i for eksempel støtte til skattebetaling. Men likevel er det interessant å sjå at det er høg aksept for endring og kutt i velferdspolitikken. Han er sterkast på høgresida, men er stor også på venstresida, seier forskaren og Fafo-leiaren Jon Hippe.

LES OGSÅ: Forskarar: – Arbeid for trygd verkar

Også mange Arbeiderparti-veljarane støttar kutt. Ein av tre vil blant anna kutte i sjukelønsordninga.

Hippe trur det er fleire årsaker til at desse synspunkta er så utbreidde.

– Det kan tolkast som uttrykk for at folk har godteke at usikre økonomiske internasjonale forhold er krevjande for Noreg og ikkje minst at befolkningsendringar med stadig fleire eldre vil stille oss overfor store utfordringar. Samtidig kan jo diskusjonen om trygdebruk og misbruk også ha slått inn her, seier Hippe. (©NPK)

LES OGSÅ: Kva vil olje-boomen gjera med oss?