Grønt lys for 450 vindmøller
Byggjer ut for 20 milliardar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Blir desidert størst i Noreg
Olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) har gitt løyve til å byggje inntil 450 vindmøller, til ein verdi av 20 milliardar kroner, rundt Trondheimsfjorden.
Fredag bekrefta ministeren at han seier ja til åtte nye parkar for vindmøller sør og nord for Trondheimsfjorden, skriv Adresseavisen. Dei åtte godkjente parkane vil gi 3,7 milliardar kilowattimar straum i året, nok til 180.000 husstandar.
– Det er tre gonger straumforbruket til Trondheim by og vil løyse Midt-Noregs energiproblem i overskodeleg framtid, seier Moe til Trønder-Avisa. Måndag vil han reise til regionen for å fortelje meir om kva godkjenninga vil innebere.
LES OGSÅ: Fyll tanken med vind
Det er gått tre år sidan utbyggjarane fekk lov til å byggje ut vindparkane av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), men først no er alle klager på prosjekta avklart.
Forutan dei 450 vindmøllene vil ei høgspentleidning strekkje seg over 25 mil med urørt kystnatur. Til samanlikning står det 68 vindmøller i den største vindparken i landet på Smøla. (©NPK)