– Alle med ambisjonar møter utfordringar

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grepa dame

 

– Ved å stole på meg sjølv, tørre å ta sjansar, reise meg etter motgang, og ved å vera open for råd og mogelegheiter, svarar Anita Krohn Traaseth på spørsmålet om korleis ho har kome dit ho er i dag. Som toppsjef i HP-Norge har ho ansvar for 400 tilsette. Ho har også hausta åtgaum for sine tankar om mellom anna leiing og bruk av sosiale medium, og har den populære bloggen Tinteguri som handlar om «leiing og litt til….»

Kva drøymde du om som 18-åring?  

– Som 18-åring skreiv eg dette i dagboka mi: «Eg veit ikkje kva eg skal bli når eg blir stor, men at eg skal bli noko det er eg sikker på»

Kva bok har påverka deg mest?

– «Åndenes hus» av Isabelle Allende

Kven er dine største forbilde? Og kvifor?  

– Kvardagsheltane – alle dei som går den ekstra mila for oss andre, men som vi kanskje set for lite pris på?

Kva meining har ordet feminisme for deg?  

– Fridom for kvinner.

Er du ein feminist?

– Ja.

Har du nokre gong møtt utfordringar som kvinne i din bransje?

– Ja, men ikkje spesielt som kvinne. Men som ung og ambisiøs – alle med ambisjonar møter utfordringar, det er korleis vi taklar dei som gjev den største læringa.

Er det noko du skulle ynskje du kunne?

– Synge.

Kva gjer deg lukkeleg i kvardagen?  

– Å bli vekka av 5-åringen min, å få ein kopp kaffi servert på badet av mannen min, dei små uplanlagte augneblinkane – som eit møte som blir kansellert og plutselig har eg tid til overs, til å sjå kollegaer gjere det umogelege mogeleg.

Kva er dine beste tips til ungdom som vil lukkast i din bransje?

– Sei til deg sjølv at du er meir enn bra nok, stol på eigne evne, rekk opp handa, ikkje ver redd for utfordringar – klarar andre det, så klarar du det.

Faktaboks

Anita Krohn Traaseth
• Toppsjef for HP-Norge, som den fyrste kvinna i Noreg og den andre i Norden
• Bloggar på bloggen Tinteguri.
• Utdanning for BI og leiarutdanning frå USA.
• Erfaring som mellom anna trainee i IBM.

Les fleire intervju i serien Grepa damer!