Strakstiltak i forhold til tåkespråk

Vebjørn Sture
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For all del: Eg kan forstå at dei har ei vanskeleg oppgåve. Gjennom ein månadslang valkamp må dei svara på spørsmål om svært ulike politiske saksfelt. Alt frå fiskeripolitikk til bilavgiftssystem lyt dei ha greie på, og jamvel kunna argumentera for på ståande fot.

Diverre vert dei ofte innhenta av realiteten. Det er ikkje råd å ha full kontroll på alt, og slik vert vegen kort til abstrakte plussord og utydelege formuleringar som eigentleg ikkje seier så mykje konkret – og dimed heller ikkje forpliktar. Gjerne innpakka i så lange, oppstylta og grammatisk passive setningskonstruksjonar at du ramlar av lasset lenge før du kjem til punktumet. Slik kan du seia ganske mange ord, utan at det eigentleg er så lett å tolka noka handfast meining ut av det. Tåkespråk, heiter det.

Til alt overmål er tåkespråket smittsamt – dei som fyrst bruker det om emne dei ikkje har greie på, har ein lei tendens til også å ta det i bruk om emne dei har greie på. Somme gjer det nok heilt medvite, andre ikkje. I alle høve er det noko å vera merksam på som veljar.

Så, for å gjera noko med det – eller iverksetja føremålstenlege strakstiltak, om du vil – tenkte eg å laga ei lita liste med nokre ord og uttrykk å vera merksam på. Her kjem dei:

LYFTA. Eit morosamt, lite universalverb, som tydelegvis kan brukast om alt frå å lyfta folk ut av fattigdom og lyfta merksemda om ei konkret sak, til å lyfta kvinnesaka eller lyfta kunnskapen i skulen. Sidan ordet (i politisk samanheng) omtrent aldri vert nytta i bokstavleg tyding, kan me som regel berre gissa på kva konkrete politiske tiltak som eigentleg ligg i det.

SATSA PÅ. Ordboka fortel oss at dette eigentleg tyder å «setje inn» eller «våge» noko – til dømes å satsa ei viss mengd pengar (eller andre typar ressursar) på at noko skal slå til. Likevel er det sjeldan at det ligg nokon medviten bodskap om såvoren risiko i det når politikarane skal satsa på til dømes vegbygging, eldreomsorg eller skule. Ei heller er det særleg konkret. På same måte som å lyfta, kan det åsatsa på brukast om eigentleg akkurat kva tiltak som helst. Same kor gode eller dårlege tiltaka måtte vera, høyrest dei positive ut dersom det er snakk om ei satsing.

ARBEIDA AKTIVT. Eg veit ikkje med deg, men eg har framleis ikkje funne så innmari mange måtar å arbeida passivt med noko. Ei heller har eg høyrt nokon god definisjon på kva som skil det å arbeida frå det å arbeida aktivt. Er ikkje arbeid i seg sjølv noko aktivt? Ein aktivitet? Når nokon seia dei skal arbeida aktivt for saka sdi, så kan du vera ganske sikker på at dei prøver å få det til å høyrast ut som dei skal arbeida hardare enn dei eigentleg har tenkt.

VERA OPPTEKEN AV. Her er me endå litt lengre inne i tåkeheimen. Når du vil at folk skal tru du bryr deg, men du eigentleg ikkje har tenkt å gjera det skapte spøtt – eller du ikkje anar korleis du skal få gjort det – er tida inne for å seia at du er oppteken av det. Stort meir diffust vert det ikkje.

I FORHOLD TIL. Ok, så er dette like mykje ein rein språkfeil som det er ein tåkedott, men eg tek det med likevel, for dei høyrer på eitt vis saman. Fyrst, ei saksopplysing: I forhold til tyder jamført med. Det tyder ikkje med tanke på, med omsyn til, i samband med, når det gjeld, overfor, under, ved sida av, vedrørande, , med, til, frå, eller noko som helst anna. Men det vert nytta slik, som om det var preposisjonane sitt svar på piffikrydderet. Og jo meir uklår preposisjonsbruken er, jo meir uklårt vert bodskaken.

FOKUS. Sjølve trylleformelen innanfor politisk tåketale, er ordet fokus. Dersom du berrehar nok fokus på emne a eller emne b, så løyser liksom alt seg. Det vil seia, det er ikkje alltid at det skal vera nok fokus. Stundom skal det visst vera stort, høgt, breitt, aktivt, forløpande, eller eit anna adjektiv som høyrest flott ut, men det gjev ikkje logisk meining. Å fokusera er å «variere plasseringen av optiske linser for å få skarpest mulig bilde», om eg no får sitera sidemålsordboka. Det du prøver å fokusera kan altså vera i fokus eller det kan vera ute av fokus. Og alt kan ikkje vera i fokus samstundes. For ikkje å gløyma at det å setja eit problem i fokus ikkje automatisk føring til ei løysing på problemet.

KOMBINASJONANE. Sjølvsagt kan eitt og hitt av desse orda dukka opp ein gong eller to utan at bodskapen dimed vert utydeleg. Poenget er at når dei kjem ofte, og ikkje minst når dei kjem samla, er det ofte vanskeleg å finna ut kva dei eigentleg tyder. Sagt på ein annan måte: Å satsa på fokus i forhold til å lyfta klarspråk, gjer deg stundom meir oppteken i forhold til aktivt arbeid.

Heilt til slutt: Skulle du tilfeldigvis vera ein politikarspire som tykkjer eg er litt hardhendt no, så fortvil ikkje. Det finst ein enkel formel. Start setninga med subjekt og verbal (altså: kven det er snakk om, og kva det er han/ho/dei gjer), og ver konkret så langt du kan. Så lett er det – og så vanskeleg.