Biografien om Ivar Aasen kom denne veka inn på tredjeplass på bestseljarlista – framfor Justin Bieber.

mm

«Historie om Ivar Aasen» vart lansert 5. august og markerer 200-årsdagen til nynorskhøvdingen. Boka av Ottar Grepstad kom sist veke inn på 11 plass på bestseljarlista og klatrar denne veka altså til bronseplassen.

Boka slår Justin Bieber-boka Det er nå det begynner ned i sokkane. Denne kaprar berre så vidt 10.plassen.

I Ivar Aasen-boka fortel Grepstad historia om ein gut som veks opp i ein fattig heim og døyr som millionær. I mellomtida har han funne eit nytt norsk skriftspråk og vore ein kalkulerande strateg av dei heilt store. Planen får han i 1837, berre 22 år gamal, då han bestemmer seg for at han skulle lage eit skriftspråk av det norske talespråket.

Les intervju med Ottar Grepstad om Ivar Aasen her!

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46

Kommentarar

ANNONSE