Høyrer de?

Hallvard Surlien
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klimatrusselen er større enn aldri før. Difor vert den viktigaste oppgåva til den neste regjeringa å byggje eit berekraftig samfunn, slik at me kan gå ei trygg framtid i møte.

Det er berre to år til dei globale klimagassutsleppa må byrje å gå ned. Same år skal ein ny, global klimaavtale verte vedtatt, som skal sikre at me unngår alvorlege og uopprettelege klimaendringar. Den neste regjeringa får det heile midt i fanget. Debattane i denne valkampen burde handle om korleis me kan fri oss frå oljeavhengigheita, som er ei klam hand kring verdas klima og norsk økonomi. Og om korleis Noreg kan verte det føregangslandet som syner verda at det er mogleg med ei grøn omstilling raskt.

Då er det skuffande å sjå at Arbeidarpartiet sin valkamp er eit forsøk på å stå fram mest mogleg innhaldslaus og at Høgre sin valkamp er eit forsøk på å vere mest mogleg lik Arbeidarpartiet. I duellen mellom Jens Stoltenberg og Erna Solberg på Arendalsuka var ikkje klima og miljø eit tema ein gong.

Det var ikkje minst sjokkerande å sjå ungdomspartileiardebatten same dag, der ungdomspolitikarane gav kvarandre hard konkurranse om å stå fram mest mogleg like vaksenpolitikarane. Det som skulle vere debatten om korleis me som er unge lyt byggje framtida, blei ein debatt om helsekøar, arbeidsmiljølov og formueskatt. Då ungdomspolitikarane endelig skulle løfte blikket, var spørsmålet korleis me skal få inn nok pengar i statskassa om 15 år. Kva skjer? Er det eigentleg rart at mange ungdommar ikkje er så opptatt av politikk?

Ungdomspartia nemnde klima berre i ei kort bisetning under debatten. Eskil Pedersen og AUF meinte klima (kanskje) var den viktigaste saken i valkampen. Trass i det driv dei valkamp for eit klimafiendtleg parti. Paul Joakim Sandøy og Unge Høyre var bekymra for oljeavhengigheita, men ynskjer å opne Lofoten, Vesterålen og Senja og ein haug med liknande område for oljeboring. Klimapolitikken til desse to er eit einaste stort paradoks.

Me unge har krav på ein annan klimapolitikk og me har krav på at spørsmåla omkring vår framtid blir diskutert av dei som skal lede landet. Høyrer de, o’ store Høgbeidarparti?