Med ein lapp til disposisjon fekk ungdomspartileiarane presentere sine hjartesaker framom haustens stortingsval, under Arendalsuka.

Med konseptet Meldingsveggen som er både er ein fysisk vegg i Arendal og #meldingsveggen på Twitter, har ung@arendalsuka ynskt å få fram kva som er dei viktigaste sakene for ungom.

«Midtre trasé i Nordfjord #Svelefri E39», «La studentar pugge til eksamen i staden for å jobbe til leie neste månad. 11 månaders studiestøtte nå» og «Eg vil bu der eg vaks opp! Derfor treng vi desentralisert nasjonalpolitikk», er berre nokre av sakene ungdom har kome med den siste veka. Men fyrst ut var ungdomspartileiarane, som fekk presentere kva dei meiner er den viktigaste saken ved haustens stortingsval.

Hjartesakene
Andreas Halse, Sosialistisk Ungdom:
Respekt for yrkesfag.

Eskil Pedersen, AUF: Kampen mot rasisme og ekstremisme, i Noreg og Europa.

Sara Blichner, arbeidsutvalsmedlem i Grøn Ungdom: Di stemme avgjer Noregs klimautslepp, og med vår politikk vert det på linje med tilrådinga frå FN.

Sandra Borch, Senterungdommen:  Ja til lokaldemokrati! Nei til å flytte makt til Oslo og Brussel.

Sveinung Rotevatn, Unge Venstre: Oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja.

Elisabeth Løland, KrFU: Det er 74.000 fattige born i Noreg, og det er vanskeleg å vera fattig i verdas rikaste land. Vi treng ei regjering som ser desse borna.

Paul Joakim Sandøy, Unge Høgre: Betre skule.

Himanshu Gulati, FpU: La folk bestemme sjølve! Politikarane må ta mindre av folks pengar, og vedta færre forbod, påbod og reguleringar.

Arendalsuka skipa sin eigen meldingsvegg, fyrst ut var ungdomspartilearane.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45
ANNONSE