– Ikkje ver redd sikhar!

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Lier like utanfor Drammen står eit tempel, eller ein Gurdvara, som sikhane kallar templa sine. Bygget er kvitt, og har gullkuppel. Denne torsdagen er tempelet fullt av ungdomar i alderen 14-24 år, som har samla seg for siste dagen av Unge Sikher sin sommarleir.

Dei spring rundt og er over alt. Gutane har sjal, bandanas eller turbanar på hovudet. Nokon med den karakteristiske «kulen» under på framsida under turbanen, som syner at dei sparar håret sitt.

Jentene nyttar sjal over hovudet no som dei er inne i tempelet, men elles er både gutane og jentene veldig forskjelleg kledd: Nokon går i meir tradisjonelle indiske klede, men fleirtalet går vestleg kledd.

LES ÒG: Fryktar meir konflikt i skulen
 

Tempel utan bilete
Rett innanfor inngangen treffer eg Balprit. Han er 18 år og ein av dei som arrangerer sommarleiren til Unge Sikhar. Vi snik oss opp frå alt mylderet og går opp i andre etasje av tempelet, der sjølve gudstenestene finn stad.

Eg ser rundt meg på dei kvite veggene, og på dei kvite teppa som dekkar golva. Balprit ser korleis eg kikkar omkring.

– Sikhane er oppteken av læra, ikkje personane, seier han.

– Difor har vi ingen bilete av guruane våre.

– Og ikkje av Gud heller, for vi sikhar tenkjer ikkje på Gud som ein person som sit oppe i himmelen, men som ei kraft. Hehe, det høyrest kanskje litt new age ut, men det er ikkje slik, det er veldig konkret. Gud er i alt som er skapt, i sjela mi, til dømes, fordi eg er skapt. Difor respekterer vi alle menneske, fordi alle er skapte av Gud, forklarar han.

Men kva for religion er sikhisme? Kva trur de på?
Sikhisme oppsto på femtenhundretalet i India, med den første av ti guruar (ein guru er ein lærar, journ. merk.). Det er ein monoteistisk religion, så vi trur på ein Gud, som er tilstades i alt, fortel han.

– For sikhar er det viktigaste å bli eit godt menneske og ha eit godt forhold til Gud, men det er ikkje sånn at skriftene våre skriv eksplisitt om kva vi skal gjere, dei rettleiar oss meir til korleis vi skal ha det godt med oss sjølve, og så må ein sjølv finne ut kva val ein skal ta, som til dømes om ein skal vere vegetarianar eller ei, forklarar Balprit.

LES MEIR: Vil vere ei stemme for dei stemmelause

Saka fortset under biletet.


Det er full fart på sommarleir for sikhar.

Mange er redde for sikhar
Balprit fortel at det er omlag 5000 sikhar i Noreg, og at fleirparten bur på Austlandet i området kring Oslo og Akershus.

Sjølv om dei er relativt få i Noreg er dei likevel mange i verda, sikhisme er ein av dei fem største verdsreligionane med kring 30 millionar truande.

– I Noreg har sikhane berre vore i to generasjonar, fortel Balprit, og utdjupar:

– Mange av oss har foreldre som kom hit som vaksne, og som var unge i India. Difor er det så viktig for oss å treffast, for uansett kor glade vi er i foreldra våre og dei i oss, så er det godt å treffe andre som er eller har vore unge sikhar i Noreg, og snakke om dei utfordringane som finst.

Fordi det ikkje har vore sikhar så lenge i Noreg, opplever sikhar ofte at folk er skeptiske til dei, fortel Balprit.

– Mange unge sikhar opplever å bli mobba, fordi vi framleis er ein ganske ny religion i Noreg. Folk veit ofte ikkje kva sikhisme er, og det kan gjere dei redde, forklarar han.

– Eg skulle ønske folk ikkje vart redde, for vi er jo ikkje farlege. Tvert i mot. I sikhismen er tre av grunnpilarane å dele, hjelpe og vere likestilte, seier Balprit.

– Ser eg nokon som treng hjelp, til dømes med varene på ein butikk, eller på veg over vegen, så skal eg hjelpe – alle bør jo det, men i sikhismen er det særskilt viktig.

– Dessutan er vi ein veldig likestilt religion – alt ein mann kan gjere i eit tempel kan ei kvinne gjere òg, seier han, og fortel at ein president i eit tempel godt kan vere ei kvinne.

LES MEIR: – Det er vanskeleg å skjøna på førehand at alle er så like

Symbolsk dolk
Og dette med at nokon trur at de går med kniv, kva er eigentleg det?
– Tradisjonelt så skal ein sikh ha på seg dei fem k-ane, der ein av dei er kirpan, ein sabel eller dolk, fortel Balprit.

– Men vi går ikkje rundt med kniv, altså, for det er jo ikkje lov. Men i seremoniar eller viktige samanhengar då nyttar vi gjerne ein symbolsk dolk, som vi har lov til å bere i offentligheita av politiet, forklarar han.

LES ÒG: – Normalt å vere einsam

Kroppen er heilag
Men sjølv om det mykje av tankegodset i sikhismen som verkar veldig naturleg i Noreg i dag, er det andre ting som folk som treffer ein sikh for første gong kan tykkje er rart.

– Mange syns det er rart at vi let alt håret gro, men det er fordi vi sikhar tenkjer at kroppen er heilag, og at det er ein grunn til at han blei skapt som han er. Difor endrar vi ikkje noko på han, forklarar Balprit.

– Det med det lange håret er kanskje det folk syns er rarast. Når eg gjekk på barneskule flytta vi til Rælingen, ein liten plass utanfor Lillestrøm, og der var eg den første sikhen. Dei i klassen skjønte ikkje om eg var gut eller jente på grunn av det lange håret, eg var jo annleis, ikkje sant.

Balprit fortel at det for mange sikhar kan vere vanskeleg å skilje seg ut, særskilt i barndommen, då mobbing kan vere eit problem.

– Eg vart sjølv mobba som barn, fordi eg skilde meg ut. Sånn er jo barn, at dei gjerne går etter dei som skil seg ut og er annleis. Men etter eg byrja på vidaregåande er det mykje betre. Folk er meir vaksne der, så då vart eg ikkje mobba. No er eg i lære som elektrikar, og det er veldig kjekt.

Fordi mange unge sikhar opplever det same som Balprit, er temaet for årets leir er psykisk helse. På programmet står både samtalar om psykisk styrke og frykt. Å vere sterk, fri og fryktlaus er nemlig eit av måla for sikhane.

LES MEIR: Fristad for trans*ungdom

Gøy og lærerikt
Etter at vi har snakka oppe i salen går eg og Balprit ned, kor dei fleste er travelt oppteken med å leike og spele: Kubb, kanonball, alias, og eit indisk spel som omsettast med «rapp skjerfet».  

– Eigentleg var planen å vere ute, seier Balprit.

– Men sjølv om det har vore fint vêr heile veka auser det jo ned i dag.

Difor er det full aktivitet i gudvaraen i dag. I salen i første etasje treff eg Navdeep Kaur (16), Natasha Singh (19) og Karandeep Singh (16). Dei er alle deltakarar på leiren, og stornøgde med nett det.

– Det er veldig fint å treffe andre unge sikhar, seier dei samstemte.

– Og det er bra at det er fleire aldersgruppe her, seier Karandeep.

Dessutan er dei alle veldig oppteken av at det er lærerikt.

– Vi lærar på ein meir sosial måte enn på skulen, seier Navdeep.

– De rsit vi berre med bøkene, men her er det unge folk på vår eigen alder som snakkar, og så har vi mange aktivitetar, forklarar ho. Natasha og Karandeep er samde.

LES ÒG: Føler skulen svika

Samhald verda over
Dei tre ungdomane er stolte av å vere sikhar, og fortel at det er noko dei vel sjølv – og at valet er viktig for sikhane.
 

Men kva er det beste med å vere sikh?
Vi skil oss alltid ut, seier Karandeep.

– Dessutan er det ein open og fri religion.

– Vi er ikkje som andre, samstemmer Navdeep.

– Vi held saman, og alle kjenner kvarandre, seier ho.

Natasha er samd.

– Uansett kvar vi er i verda finn vi kvarandre. Antan ein er i India eller Italia, så er det sikhar der, avsluttar ho.