– Det er vanskeleg å skjøna på førehand at alle er så like

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skilnader, men mest like

– Helsevesenet og utdanningstilbodet var nok dei største skilnadane mellom Norge og USA. Vi tilbyr ikkje omfattande helsetenester for innbyggarane og utdanning er ikkje gratis i USA når ein er over 18 år. Det er nokon av dei enorme skilnadane på landa våre, seier Amanda Stagner.

Trudde skilnadane var store

Ho var med som leiar for den amerikanske delegasjonen av CISV-deltakarar på leiren i Romarheim. Og deltakarane fekk seg nokre a-ha-opplevingar i møte med folk frå andre land.

– Alle var veldig greie og det var interessant å møta dei, seier Chase Smith (14).

LES OGSÅ: Skal samla venskap frå heile verda

– Fekk de ei betre forståing av ulike land og folka som bur i dei på denne turen?

– Ja. Vi lærte om skilnadane, men og at vi er veldig like. Mange som kjem på leiren trur at dei er så forskjellige samanlikna med dei andre deltakarane. Men når du kjem der, skjønar du at du eigentleg er ganske lik som dei andre, seier han.

– Vanskeleg å skjøna på førehand

– Det er vanskeleg å skjøna på førehand at alle er så like, men på ein slik leir får du ein røyndomssjekk og skjønar at skilnadane ikkje er så store likevel, skyt Emily Lynch (16) inn.

På leiren, som varte gjennom heile påsken, måtte dei gjennom ulike aktivitetar. Alle aktivitetar hadde noko med menneskerettar å gjera. Dei hadde samtalar og løyste oppgåver saman

– Vi samanlikna skilnadane på landa våre og korleis menneskerettane er i dei ulike landa. Og om korleis rettane kjem til sin rett i dei ulike landa, seier Adam Edery (16).

LES OGSÅ: – Internasjonal sommarleir er topp

Alle meiner dei har lært mykje på turen.

– Eg sit med mykje kunnskap om kva rettar vi har, og at det fyrste steget for å vita om og bruka rettane dine, er å læra om at dei faktisk er der, seier Lynch.

– Viktig kunnskap

– Det var interessant å læra om rettar vi har, som vi ikkje var klar over. Men og det å samanlikna med andre land var lærerikt, seier ho.

Will Duffield (15) seier at ein slik leir gjer dei takksame overfor kva rettar dei faktisk har og at ein lærer seg å aldri utnytta dei rettane ein har opparbeidd seg.

– Om ein blir lært opp i menneskerettar vil ein læra seg korleis ein ikkje skal utnytta dei, seier han.

– Det neste steget er korleis ein kan læra andre om rettane og hjelpa dei. Det stoppar ikkje berre med oss, legg Lynch til.

LES OGSÅ: Sør-amerikansk varme i kalde nord

USA, Norge, Sverige, Italia og Storbritannia var på leiren.

Kvar delegasjon stilte med 5–6 deltakarar og ein leiar.

Fascinert av Noreg

Amerikanarane kom i all hovudsak frå områda rundt storbyen Detroit, med sine 3,8 millionar innbyggarar i stor-Detroit. For dei var det alle ein stor overgang å koma til vesle Romarheim.

– Det var fantastisk, seier Lynch.

– Truleg det kulaste eg nokon gong har sett, seier Duffield.

– Vi fekk til og med sett ein fjord, seier han.

Det var Nordhordland CISV som stod bak leiren, og var med og sørga for at logistikken gjekk som den skulle undervegs i Romarheim. Amerikanarane og svenskane budde alle hjå vertsfamiliar i Knarvik før dei reiste heim igjen.

LES OGSÅ: Kjøper skulen for 900.000

Les saka i Nordland!