Fryktar meir konflikt i skulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Lektorar i religion, livssyn og etikk (RLE) ved fleire av høgskulane her i landet er urolege for kompetansen til framtidige lærarar innan faget, skriv Vårt Land.

Årsaka er at RLE ikkje lenger er ein obligatorisk del av lærarutdanninga, men i staden redusert til eit valfag som stadig færre studentar vel.

– Eg forstår ikkje korleis politikarane kan utradere RLE-faget i lærarutdanninga. Det er heilt hovudlaust, seier førstelektor i RLE Ingeborg Tveter Thoresen ved Høgskolen i Vestfold til avisa.

Ho meiner at kunnskapsmangelen kan føre til problem med å vidareformidle toleranse til elevane.

– Det vil gi meir erting og konfliktar i elevgruppa, seier ho.

LES OGSÅ: Vil invitera elevar til fredagsbøn

Thoresen får støtte av Berit Nøst Dale frå NLA Høgskolen i Bergen og Ralph Meier frå Høgskulen i Volda

– Av over 40 elevar ser det ut til at berre 7 vel RLE. Dei vil i liten grad klare å hjelpe elevane til å vise toleranse seg imellom, meiner Meier.

Også RLE-lektor ved Høgskolen i Oslo, Beate Børresen, opplyser at få elevar vel faget. (©NPK)

Les fleire saker om livssyn og religion her!