Frå Stongfjorden til musikaldraumen

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lever ut draumen

I desse dagar er ein ung gjeng i Stongfjorden i Sogn og Fjordane for å setje opp ungdomsmusikalen «Amerikareisa». I år fyller Sogn og Fjordane 250 år og musikalen – som er eit samarbeidsprosjekt mellom jubileet, Den kulturelle skulesekken og Aldateateret – er eit av høgdepunkta i den store feiringa.

Når vi snakkar med produsent Ingrid Hansen har ho snike seg bort frå settet der 14 menneske held på å sy saman stykket.

– Det er bra kaotisk her i dag, ler ho.

Gjengen i Stongfjorden går mot slutten av sin to veker lange øvingsperiode og freistar å få alt klart til generalprøven, eller førpremièren som dei kallar det, laurdag 10. august.

Seinare skal gruppa ta stykket med på ein to veker lang turne i heile fylket, der dei reiser innom alle dei vidaregåande skulane.

LES MEIR: KORK søkjer talent


Basert på ei sann historie

Spelet dei set opp i Stongfjorden ber namnet «Amerikareisa» og handlar, som namnet kanskje røper, om det å utvandra frå fylket.

– Manuset er skrive av Rolf Losnegård og er basert på ei sann historie frå hans eigen familie, fortel Hansen.

– Stykket fortel historia om ein familie der tre brør utvandrar til Amerika. Den eine forsvinn og familien trur han er drepen i ei togulukke, men så får dei eit postkort frå han årevis etterpå, på sekstitalet. Då bur han i Alaska og har gifta seg med ei indianarkvinne, seier ho.

– Sogn og Fjordane var det største utvandringsfylket på 1900-talet, og det er noko av bakgrunnen for stykket. Men mot slutten av stykket vrir vi på problemstillinga og ser på dei som innvandrar til fylket frå andre land i dag. Fleire i produksjonen har bakgrunn frå andre land enn Noreg, mellom anna Tiffany, Simon og Jeff, og vi ønskjer òg å inkludere folk med utanlandsk bakgrunn som bur i dei einskilde kommunane vi vitjar, forklarar ho.

LES MEIR: – Eg likar eigentleg ikkje musikk

Saka fortset under biletet.


Heile skodespelartroppen samla. Foto: Stig Gunnar Myren

Eit spel med lokal forankring
Ettersom skodespelet er ein del av fylkesjubileet har det vore viktig med lokal forankring, fortel Hansen. I tillegg til å nytte lokalhistoria har det òg vore viktig å nytte lokale talent i oppsettinga.

– Skodespelarane i stykket er alle frå Sogn og Fjordane, og vi har freista å få folk frå alle delane av fylket, Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, fortel ho.

– Men vi har sjølvsagt òg måtte ta omsyn til kompetanse, for det er jo veldig utfordrande å arbeide med musikal. Vi nyttar nesten berre musikk og fysisk teater (med mykje rørsle og dans) til å fortelje historia, så det er klart at det krev kunnskap og dugleik. Men vi har fantastisk flotte folk, då!

Hansen fortel at fleirtalet av ungdomane utdannar seg innan musikk eller dans.

– Det er berre eit unnatak, og ho går enno på vidaregåande sjølv. Men ho har mykje erfaring, seier Hansen.

LES MEIR: Største kulturfestival for ungdom

Lokale talent
Ein av av dei unge talenta og artistane i stykket er Fredrik Høstaker. Han er nett ferdig med tre år med musikallinja på Bårdar i Oslo, der han flytta etter at han var ferdig på musikklinja på Firda VGS.

Han tykkjer det er fantastisk å nytte sommaren til å lage musikal.

– Det kunne ikkje vore meir riktig. Eg held til i aude, men idylliske Stongfjorden der eg får konsentrert meg om ein ting. Det er knapt internett å få inn, så ein får verkeleg kjent på det enkle liv, seier han. 

Sjølv om Fredrik er godt vand med å arbeide med musikalar, innrømmer han at det er litt annleis å lage musikal i Stongfjorden enn i Oslo.

– Det er ein herleg kontrast til Oslo, der eg bur til vanlig. Det er veldig uvant å ha innstudering i eit gamalt bygdehus kontra ein sveitt dansesal i toppen av ei murbygning i Oslo sentrum. Her er det ikkje noko forstyrrande element, forklarar han.

– Ein stressar ikkje med å rekke 13-trikken eller purringar frå Deichmanske bibliotek.

LES MEIR: Rapperen Roppen frå Flø

Saka fortset under biletet.


Fredrik Høstakar er stolt over heimstaden sin. Foto Stig Gunnar Myren

Ut på skuleturne
Etter førpremieren 10. august skal stykket ut på turne, men det skjer først i november. Fredrik gler seg stort til å reise ut på alle dei vidaregåande skulane i fylket.

– Det er faktisk ganske sært. Eg føler det var i går eg slutta på Firda vidaregåande der eg sjølv sat og såg på førestillingar frå Den kulturelle skulesekken. Plutselig er eg der sjølv. Eg trur kanskje ikkje eg hadde venta å vere der så raskt. Eg gler meg veldig. Eg håpar dei liker førestillinga.

Sjølv trur han at utvandring og innvandring er ein tematikk dei fleste unge har eit forhold til.

LES MEIR: Aasensk powerpop

Viktig med musikalar i fylket
Den unge musikalartisten meiner sjølv det har stor tyding at det vert produsert og synt musikalar i fylket.

– Det er enormt viktig at ting blir laga i Sogn og Fjordane og blir spelt på både dei største plassane og i dei minste bygdene. Eg er veldig stolt av å komme frå dette fylket, vi får ting til sjølv om vi har tre fjordar og eit drøss fjell i mellom oss. Det er viktig at ein lagar kvalitetsproduksjonar her på line med Oslo eller andre store byar.

– Folk er folk, og vi vil alle bli underhaldne, avsluttar han.

LES MEIR: Musikkvideo i gåve til folket