Du avgjer kva ho kostar

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ida Maria slepper i desse dagar sin nye plate, «Love Conquers All», på vevsidene til musikkmagasinet ENO. Plata er heildigital, og lyttarane betalarer det dei sjølv ønskjer, utover ein minimumssum på 6 kr for leige av server.

På plata har folk frå band som Shining, Hellbillies, Valkyrien Allstars, Madrugada og DumDum Boys, og Dave Krusen fra Pearl Jam vore med.

Fødd ut av søken
Utgjevinga er eit resultat av Ida Maria si identitetskrise.

– Når eg skreiv desse songane var eg på ulike plassar, ulike kontinent, i ulike klima, land og i ulike rom. Eg leita etter meg sjølv, det var hardt og smertefullt. Eg leita fordi eg hadde mista meg sjølv. Eg hadde mista meg sjølv ein plass og eg kunne ikkje seie nett når det skjedde, så no søkte eg attende for å freiste å finne meg igjen, skriv Ida Maria om plata og livet sitt i perioden denne vart skap, på nedlastingssida.

LES MEIR: Aasensk powerpop

Lyttaren må sjølv tolke
Ifølgje ENO syner plata både eksperimentelle og mørke sider ved artisten, men sjølv vil Ida Maria at det skal vere opp til lyttaren å tolke musikken.

– Eg må verkeleg la det vere opp til lyttaren å tolke plata, men eg kan avsløre så mykje som at den blei spelt inn under ei svært vanskeleg tid i livet mitt, ei tid då eg ikkje hadde så mykje lys rundt meg og hadde vanskeleg med å finne meininga med tilveret. Eg kjempa for å halde hovudet over vatnet.

Mor til Ronja Røverdotter
På vevsida skriv ho òg om lukkelege tider under innspeling, samhald, støtte og kos musikarane imellom.

– Eg fann meg sjølv i husmorrolla medan vi spelte inn på Spydeberg, eg lagde mat heile tida. Eg fekk mange kompliment frå gutane, og det kjentest som om eg var mora til Ronja Røverdotter, frå romanen av Astrid Lingren, omslutta av alle desse piratane, som trengde mat heile tida, skriv ho.

LES MEIR: Gå din eigen veg

Frigjerande tid
Om plata kom ut av ei vanskeleg tid, er det likevel ei særs optimistisk Ida Maria som lanserer ho. For i motsetnad til mange andre i musikkbransjen ser ho ikkje digitaliseringa som noko stort problem, men heller som ein prosess i ei tid full av nye mogelegheiter og stor fridom.

– Musikk vert konsumert på tallause måtar i dag. Det finst ikkje lengre kun eit par store plateselskap som presser musikken ned i halsen på folk, fôrar massane og konstruerer idear om kva som bør vere populært. Endeleg byrjar musikken å bli fri få alle desse tungrodde institusjonane. Dette albumet er eit av mine tilskot i denne spanande tida, avsluttar ho.

LES MEIR: Ung albumdebutant