17-åringane Helene Vik frå Husnes og Marthine Bjelland Holmedal frå Utåker skal gå eitt år på High School i USA.

Mona Grønningen, Kvinnheringen
Mona Grønningen, Kvinnheringen

Dei to reiste førre veke, og Kvinnheringen tok ein prat med jentene nokre dagar i forkant.

Kvifor USA?
– Begge to har vel vore gira på det lenge, men vi bestemte oss ikkje endeleg før i år. USA har liksom alltid vore den store draumen, og vi kjenner begge nokon som har vore utvekslingsstudent der, fortel Helene.  

Men sjølv om dei reiser samtidig skal dei ikkje til same destinasjon. Marthine skal gå ved Blue Ridge High School litt utanfor Phoenix i Arizona, medan Helene skal gå på Temescal Canyon High School i California. Utvekslinga er ordna gjennom organisasjonen Speak.

– Vi måtte plukka oss ut sju statar vi ville til, og så blei vi plassert i éin av dei. Eg trur vi begge er veldig nøgde med kva det blei! seier Marthine, og Helene nikkar.  Sjølv om dei eigentleg skulle byrja på andre året på vidaregåande i Norge blir dei «seniors», tredjeårsstudentar, i USA.

– Systemet er litt annleis. Men året skal tilsvara eitt skuleår i Norge, og for å få det godkjent må vi ha eit visst tal timar i dei ulike faga.  

Vertsfamilie
Dei to kvinnheringane skal bu hos kvar sin vertsfamilie som er ordna gjennom Speak. Prosessen med å «matcha» vertsfamilie og utvekslingsstudent er omfattande, og det er til slutt vertsfamilien som vel kven dei vil ha buande hos seg.

 – Eg skal bu hos ein familie på tre i Lake Elsinore ein drøy time frå Los Angeles. Vertsfaren min jobbar for militæret og er i Afghanistan til januar, derfor skal eg første halvåret bu med vertsmora mi Courtney og sonen hennar på ni år. Dei verkar veldig kjekke, fortel Helene.

 – Eg har berre fått ein midlertidig velkomstfamilie som eg skal vera hos i rundt ein månad, og så får eg ein ny etter det. Velkomstfamilien verkar veldig bra, men den eg får etterpå veit eg ingenting om. Det blir spennande, seier Marthine.

LES OGSÅ: Feirar støtte til norske USA-studentar

 Spente
Vi spør kva dei gler seg mest til.

– Alt! Det blir spennande å koma til ein ny kultur, treffa mange nye menneske og få oppleva USA. Klimaet er nok og veldig annleis enn her på Vestlandet, seier Helene.

– Ja, einig. Eg gler meg og veldig til engelsken kjem naturleg. Eg kvir meg litt til å måtta snakka eit nytt språk heile tida, men eg reknar med det går greitt, legg Marthine til.

– Eg er og spent på maten der nede, eg håpar ikkje eg blir trillrund! Men eg kjem ikkje til å vera hysterisk heller. Så lenge eg held meg i form går det vel bra, ler Helene.  

LES OGSÅ: Jenter realiserer utanlandsstudiar

Cheerleading
Marthine har allereie budd eit år vekke på internat. Ho gjekk nemleg dette første året på vidaregåande på Framnes i Nordheimsund og synest det gjekk fint. Men for Helene blir det første gong ho flyttar heimefrå.

– Eg er jo spent. Det beste med det er at eg lærer å bli sjølvstendig, det verste blir å sakna familien heime. Avstanden mellom dei der nede blir ikkje så lang i køyretid, derfor håpar dei å kunna møtast under opphaldet. Speak arrangerer også tur til Hawaii, og då håpar dei å kunna reisa saman.

Har de pakka no då?
– Ja, men det er vanskeleg å vita kva du skal ta med deg for eit heilt år, seier Marthine.

– Vi får berre ha med oss 23 kilo på flyet, så eg trur vi må satsa på å kjøpa ein del der nede. Men det går nok fint, det er jo mykje billigare enn i Norge, smiler Helene.

Les saka i Kvinnheringen!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

Kommentarar

ANNONSE