Nynorskfeiring med politisk frieri

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle dei største politiske partia i Noreg var måndag inviterte til å ta del i feiringa av 200-årsjubileet for fødselsdagen til Ivar Aasen på Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda. Som ein del av feiringa heldt partia kvar sine innlegg om verdien av nynorsk. Og med val til hausten lèt ingen sjansen gå frå seg til å vise fram kva dei har å by på til veljarar med nynorsk nært hjartet.

– Nynorsk for meg handlar om identitet, toleranse og demokrati. Det er med andakt eg er med på denne markeringa, sa leiar i Senterpartiet Liv Signe Navarsete. Med seg til bursdagsfeiringa hadde ho også eit utspel som er søt musikk i mange nynorskøyre, Sp føreslår å grunnlovsfeste jamstellingsregelen frå 1885.

LES OGSÅ: Vil likestille nynorsk og bokmål i Grunnlova

Fleire friarar
Men det var ikkje berre Liv Signe Navarsete som skrudde på sjarmen for potensielle veljarar i auditoriet på Ivar Aasen-tunet. Ein etter ein inntok representantane for dei politiske partia talarstolen, med innlegg som hylla både bursdagsbarnet og deira eigen språkpolitikk.

– Vi vil la elevane få opplæring i nynorsk tidlegare for å styrke nynorsken som bruksspråk, sa Pål Farstad frå Venstre.

Oscar Grimstad frå Frp snakka om nasjonsbyggjaren Ivar Aasen, og la samtidig vekt på at skuleelevar ikkje må bli tvinga til å lese nynorsk, det må skje frivillig. Då Hallgeir Langeland frå SV gjekk på talarstolen, stemde han i songen «Tore Tang» på kav stavangersk for å vise at å styrke nynorsk og dialektar samtidig er å styrke kulturen. 

Dagrun Eriksen frå KrF peika i sitt innlegg på at målrørsla ligg i ryggmargen til KrF, saman med lekmannsrørsla og fråhaldsrørsla.

– Som halvdansk skal eg heie på dykk som er nynorskbrukarar, avslutta ho innlegget og refererte til sin eigen sørlandsdialekt.

LES OGSÅ: Ivar Aasen toppa Twiiter

Mild motstand
Høgre, Arbeidarpartiet og Raudt gjorde også sitt beste for å overtyde tilhøyrarane om at akkurat dei vil ta best vare på arven etter Aasen.

Etter kvart innlegg tok programleiar og direktør i Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad ordet for å stille oppfølgingsspørsmål som skulle gje dei store orda i hyllingstalane litt motstand. Det var likevel ikkje dagen for å setje partia skikkeleg fast i sine eigne formuleringar.

– Dei slepp billeg unna i dag, men så er det trass alt bursdag, påpeika Grepstad.

– Målet var at partia skulle få snakke prinsipielt og overordna, det skulle ikkje bli ein vanleg sidemålsdebatt. Det var ei verdig ramme med laus snipp, understrekar han.

Litt alvor låg likevel mellom linjene.

– No har dei forplikta seg i 100 år til, dei har i fullt alvor sagt at nynorsk er viktig for dei, sa ein tydeleg nøgd Grepstad. 

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?