Arktisk Ungdomsråd lansert i Lofoten

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I helga var ho med å skipe Arktisk Ungdomsråd, ein  organisasjon som skal sikre at dei unge røystene vert høyrt i polpolitikken.  

I høve Natur og Ungdom sin internasjonale sommarleir mot oljeboring har 400 ungdomar frå heile verda vore samla i Lofoten. Sundag 4. august lanserte deltakarane frå dei arktiske landa ein ny organisasjon, Arktisk Ungdomsråd (Youth Arctic Council). Rådet vil ha  representantar frå Canada, Noreg, Sverige, Russland og Finland.  

Youth Arctic Council skal jobbe for at også røysta til ungdom vert høyrt, når spørsmål om Arktis vert diskutert og politikken vert klekka ut. Organisasjonen er eit initiativ starta av unge polaraktivistar frå Noreg og Canada for eit år siden.  

Idé fødd på ekspedisjon
– Ideen vart til blant ungdomar som var på ekspedisjon med den kanadiske organisasjonen «Students on Ice», fortel Ingrid Skjoldvær. Ho er sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, med ansvar for samarbeidet mellom organisasjonen og Youth Arctic Council (YAC).  

«Students on Ice» er ein kanadisk organisasjon som kvart år sender omlag 100 studentar til Arktis og Antarktis, så dei får sjå korleis det står til i polområda. På ekspedisjonane treffer dei både urfolk og forskarar, og dei får lære om og sjølv sjå konsekvensane av klimaendringar og kommersiell verksemd i områda.

 Skjoldvær var sjølv på ekspedisjon i 2010, og fortel at dette var ein viktig augeopnar.  

– Vi såg korleis breane hadde trekt seg tilbake. Det synleggjorde kor viktig det er å arbeide mot klimaendringane, seier ho.  

LES OGSÅ: – Noreg manglar truverd i polområda

– Må lytte til framtidas røyst
Arktisk Ungdomsråd er den første internasjonale organisasjonen som arbeider for at ungdom skal ha noko å seie om internasjonal politikk i Arktis.  

Men kvifor skal ungdom ha noko å seie i Arktisk Råd?
Skjoldvær snur på det: 
– Kvifor skulle ikkje ungdom ha noko å seie i Arktisk Råd? Det er rart at framtidas generasjon ikkje skal ha noko å seie om forvalting av desse verdifulle og sårbare områda.  

Ho meiner dessutan at ungdom er ein uutnytta ressurs i det arktiske samarbeidet.  

– I dag nyttar vi ikkje dei mogelegheitene vi har i Arktisk Råd, og vi nyttar ikkje ungdomen godt nok. Vi trur dei unge ofte har dei beste innspela og løysingane, og derfor meiner vi det er viktig å lytte til deira stemmer, seier ho.  

LES OGSÅ: Maktkamp i Arktis

Vil påverke Arktisk Råd
No vil YAC arbeide fram mot neste møte i Arktisk Råd, som finn stad i Ottawa i Cananda i april. Då vert leiarskapet av Arktisk Råd overført frå Sverige til Canada. Det meiner Skjoldvær gir Arktisk  Ungdomsråd viktige utfordringar.  

– Det kanadiske formannskapet er meir oppteke av utnytting av ressursar enn det svenske, som var meir opptekne av berekraft, seier ho. Og understrekar at dei ikkje er mot all utvikling i Arktis.  

– Men utviklinga må vere berekraftig og ikkje gå på kostnad av naturressursane, stadfestar ho.  

LES OGSÅ: Dyr truga i Arktis

Vil samle engasjerte ungdom  
Skjoldvær fortel at målet med organisasjonen først og fremst er å samle den engasjerte ungdommen, og skape eit forum for samarbeid.  

– På same måte som Arktisk Råd samlar all dei arktiske statane til felles samarbeid, ønskjer vi å samle ungdomane. I Arktis finn vi enorme naturressursar, unike artar og økosystem som i dag vert truga av klimaendringar. Likevel finst det ikkje noko forum der arktisk ungdom kan påverke politiske prosessar som i aller høgste grad vedkjem dei, seier ho.

 Leiar i YAC, Graham May, understrekar at dei vil jobbe hardt for å bli høyrt av dei vaksne.  

– Vi er ambisiøse og vonar sjølvsagt det om eit år vil vere ein offisiell ungdomsrepresentant i Arktisk Råd, seier han I ei pressemelding frå Natur og Ungdom.  

– Vi kjem til å halde fram med å bygge ei sterk ungdomsrørsle i Arktis, som vil sikre ei berekraftig framtid – for lokalsamfunn, miljø og klima.  

LES OGSÅ: Heilgrøne Hanna

Mange utfordringar i Arktis
Men kva er er eigentleg utfordringane i Arktis?  

Ingrid Skjoldvær fortel at det er stadig press på området.  

– Det er auka aktivitet i Arktis, både shipping og oljeverksemd blir det meir og meir av. Det ironiske er at issmeltinga er med å opne for den auka aktiviteten. Når havområde blir isfrie blir det lettare å føre skip gjennom  dei, og å leite etter olje.  

Ho meiner det er viktig å verne Arktis, sjølv om isen forsvinn.  

– Dette er blant dei mest sårbare områda vi har på kloden. Øydelegg vi desse kan det få konsekvensar over heile jorda, avsluttar ho. 

LES OGSÅ: Politisk grønvasking