Vis oss kva du har!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Vis oss kva du har!

Det skal stemmast. Den er grei. Resten er meir ugreitt.

Det kjem til eit punkt då det blir nok sommar. Også tjuefem grader blir einsformig i lengden. Du sitt der og høyrer på Reiseradioen som speler «Sunshine Reggae» og ein haug norske artistar du aldri har høyrt om som syng songar som liknar på songar du har høyrt før om luftmadrassar og somrane i gamle dagar. Du går i butikken og nikkar til andre solbrente menn i shorts medan sommarvikarane kastar grillmat etter deg. Du snakkar med dei andre mennene i shorts, som regel om at det er varmt men vi skal neiggu ikkje klage på det. Du sitt ofte og ser ut i lufta og tenker sommarlige tankar som «Det må vere trasig å vere frå Notodden og verkelig hate blues.» Og så kjem du til punktet der du tenker: Nok no. På tide å ta på seg langbuksene og bli samfunnsborgar igjen.

Med andre ord: På tide å legge sommaren bak seg og finne ut kva du skal stemme denne gongen. For stemmast skal det.

Og så begynner du å høyre på litt mindre sommarlige radioprogram. Du bytter til program som høver seg for ein samfunnsborgar. Dagsnytt Atten, for eksempel. Dagsnytt Atten går ut på at seks-sju venner og kollegaer møtest for å snakke litt om ting som har skjedd i det siste. Og så blir det sendt på radio og TV. Eit finfint lågterskeltilbod for folk som ikkje kjem seg så mykje ut. Og av og til inviterer Dagsnytt Atten nokre folk som meiner det stikk motsette om ting som har skjedd i det siste.

Og eg finn ut, som eg forsåvidt har funne ut før, at eg nesten aldri er einig med nokon av dei som meiner det stikk motsette i slike program. Eg er nesten aldri heilt ueinig med nokon av dei heller. Eg tenker som regel at begge har eit poeng, men at dei kanskje tek i litt for mykje.

Og kven skal du stemme på då?

Så eg prøver valgomatane på nettet. Og eg prøver fleire av dei. Eg svarer på spørsmål om skatt og sjukehus og ulv og olje og skule, og eg vurderer kor viktige dei ulike spørsmåla er for meg, og så får eg svaret på kven eg bør stemme på.

Og kva er svaret? Det er så godt som uavgjort. Mellom så godt som alle partia. Ifølgje valgomatane er eg litt einig med alle, og ikkje veldig einig med nokon. Dette kan sjølvsagt komme av at valgomatane ikkje er heilt gode. Det kan også komme av at dei politiske partia er ganske einige om ganske mykje. Eller det kan komme av at eg har blitt slapp. At eg ikkje er ein god samfunnsborgar likevel, men ein feig unnasluntrar som ikkje tek klare standpunkt.

Men det trur faktisk ikkje det er det som er problemet. Eg følgjer med. Eg er ganske engasjert. Ikkje sjukt engasjert. Ikkje altoppslukande engasjert. Men eg har haldningar og meiningar. 

Som eg tydeligvis deler med mange andre.

Eg har snakka med fleire om dette. Ikkje berre solbrente menn i shorts. Og eg er ikkje åleine. Vi er fleire som er der. Midt mellom dei to som er heilt ueinige. Og ganske einige med mange, men ikkje veldig einige med nokon.

Og det er oss de må overtyde, politikarar. For vi vil la oss overtyde. Vi vil vere gode samfunnsborgarar. Og vi skal stemme. For vi trur vi har noko å bidra med, sjølv om vi ofte ikkje meiner ting så veldig.

Og det blir ikkje lett å overtyde oss.

Så alt tel denne gongen, politikarar. Vi følgjer med denne gongen.

For å overtyde oss vil det sjølvsagt hjelpe om nokon av dykk seier ting de meiner veldig sterkt og som det er praktisk talt umulig å ikkje vere enten einig eller ueinig i. Noko som de er åleine om å meine i politikken.

På den andre sida, politikarar: Eg vil ikkje at de skal finne på ting heller. Det blir berre dumt.

Men vi følgjer med. Vi følgjer med på alt de seier, korleis de seier det og kvifor de seier det.

Vi følgjer med, når de speler showkampar under Norway Cup. Følgjer med når de blir intervjua i pausen. Følgjer med på kven av dykk som har dei dårligaste vitsane om å vere på sidelinja eller skyte høgt over mål. Og der er konkurransen hard. Følgjer med på kven av dykk som er mest ukritisk med på sjonglering og fløytespeling og serviettbretting i media.

Alt tel no.

Vi følgjer med.


Først publisert i Aftenposten 3. august.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!