Flagg for Ivar Aasen!

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag 5. august er det 200 år sidan språkforskaren, diktaren og nynorskens opphavsmann vart fødd. 200-årsdagen blir markert både i Oslo, Volda, Ørsta og USA.  

No oppmodar arrangørane av 200-årsjubileet folk over heile landet til å heise flagget for Ivar Aasen på årmålsdagen hans.

Ta fram flagget
Då Ivar Aasen vart gravlagd i Oslo hausten 1896, vart det flagga på halv stong mange stader både på Sunnmøre, i Oslo og andre stade, skriv Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding. Måndag vonar dei nordmenn tek fram flagga igjen.  

– Ivar Aasen viste at folk over heile landet brukte dialektane sine, og det var han som oppdaga kor mykje dialektane likna på kvarandre. Dermed blei dialektane viktigare enn før. Takka vere dei som følgde opp arbeidet hans, vart det frå 1970-åra meir og meir vanleg at dialektar kan brukast i alle sosiale samanhengar. Er du glad i dialekten din, kan du vise det med å flagge for han som var den første til å sjå verdien i den, seier Ottar Grepstad.  

Arrangørane oppmodar også til å sende inn flaggfoto til admin@aasentunet.no eller publisere på sosiale medium under emneknaggen #aasen200.

LES OGSÅ: Folk kjenner og likar Ivar Aasen  

Blomar ved bauta
Måndag morgon vert det blomeseremoniar både i Oslo, Ørsta og Volda. På Vår Frelsers gravlund i Oslo legg direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen blomar på grava til Ivar Aasen. Ved Aasen-statuen i Ørsta sentrum står ordførar Rune Hovde for seremonien, og i Volda legg ordførar Arild Iversen blomar på grava til Sivert Aarflot.  

– Med sitt bibliotek og trykkjeri tre kilometer unna var Sivert Aarflots verk ein nødvendig føresetnad for Ivar Aasen. Difor ønskjer vi å heidre også han denne dagen, seier Grepstad.

19 år gamal debuterte Aasen som diktar i 1833 med to viser som blei trykte på Aarflots trykkjeri.  

LES OGSÅ: Eiga temautstilling om Ivar Aasen

Oslo, USA og Sunnmøre
200-årsdagen blir også feira i Fergus Falls i Minnesota, USA. Der avduka Hulda Garborg og Anders Hovden i 1913 ein byste av Ivar Aasen, som var laga av sunnmøringen Jacob Fjelde.  Måndag legg Sons of Norway ned blomar ved denne bysten, og eit lokalt kor syng «Mellom bakkar og berg».  

Måndag ettermiddag inviterar mållag i Oslo-området til ei uformell høgtid ved grava til Ivar Aasen. Der vil skodespelar Svein Erik Brodal lese det store «Ivar Aasen-diktet», som Tarjei Vesaas skreiv ved utgivinga av første del av Norsk Ordbok i 1950. Det vert også helsingar ved mellom andre amerikanske Jackson Crawford og Norsk Målungdom.  

På Sunnmøre er 200-årsjubileet feira fleire dagar allereie. Måndag vil representantar for dei politiske partia samtale om verdien av nynorsk, og kulturminister Hadi Tajik vil halde tale for 200-åringen på arrangementet TAKK, Ivar Aasen på Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?