Bekymra for vidaregåande skular i distrikta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Uroa for vidaregåande skular i distrikta

Storingsrepresentant for Telemark Arbeidarparti, Lene Vågslid, er redd for ei rasering av det vidaregåande skuletilbodet i distrikta dersom private friskular får konkurrere med dei offentlege skulane om statsstøtta. Ho fryktar politikarane då vil miste grepet om skulestrukturen, som dei no kan styre politisk.

– Dersom ein opnar for kommersielle privatskular i fylket vårt er det stor fare for at vidaregåande skular i distrikta kan forsvinne. Dei folkevalde får med andre ord ikkje vera med og diskutere skulestrukturen ein gong, for den vil marknaden styre, seier Vågslid.  

I ljos av det store engasjementet rundt strukturdebatten om den vidaregåande skulen i Telemark tidlegare i år, meiner Vågslid det er viktig å diskutere kva som kan bli konsekvensane av dei ulike partias privatskulepolitikk.  

Vil opne opp lova  
I dag er det berre privatskular som tilbyr undervisning på særskilte grunnlag som kan få statsstøtte. Høgre har programfesta at dei vil fjerne kravet om at skulane må ha eit religiøst eller alternativt pedagogisk grunnlag for å få statsstøtte.  

Høgre vil i fylgje partiprogrammet «sikre rett til å etablere og drive offentleg finansierte friskular som eit alternativ til den offentlege skulen, og innføre på ny ei lov om frittståande skolar der kravet til formål er erstatta med eit krav til innhald og kvalitet.» Dei vil at det skal finnast gode og likeverdige skuletilbod for elevar og foreldre som ynskjer andre tilbod enn det offentlege. Partiet vil ikkje tillate utbetaling av utbyte til eigarane.  

LES OGSÅ: Vil ha ny debatt om privatskulane

– Seljord i fare  
Vågslid er lite begeistra for å losne på privatskulelova.  

– Eg er redd det kan tappe dei offentlege skulane. 85 prosent av midlane fylgjer eleven. Valfridom er vel og bra, men kva gjer det då med valfridomen til dei som vil bli att og gå på skule i Vest-Telemark, spør Vågslid. Ho nemner medie- og kommunikasjonslina i Seljord som døme på ei line som kan bli sårbar ved oppretting av konkurrerande private vidaregåande skular.

 – Om til dømes privatskuleaktøren John Bauer etablerer ein stor privat kommersiell skule i Skien, med dei mest populære studieretningane, som til dømes media og kommunikasjon som ein i dag har i Seljord, vil den skulen kunne tappe vesle Seljord for elevar og dermed er skulen nedlagt. Ein må ha eit godt nok elevgrunnlag for å ha ein skule. I Grenland vil ein i fyrste omgang ikkje merke det på same måten, då elevtalet et langt høgare, meiner Vågslid.

– I Sverige har ein lagt ned 300 offentlege skular etter dei innførte ei liknande lov som den Høgre og Frp vil ha, legg ho til.  

LES OGSÅ: Privatskuleelevar får betre karakterar

– Ikkje bekymra  
Stortingskandidat for Telemark Høgre, Solveig Sundbø Abrahamsen, deler ikkje Vågslids bekymring, og meiner Høgres forslag til endring av lovverket ikkje vil føre til fleire skulenedleggingar i vidaregåande.  

– Det vil ikkje bli noko frislepp av privatskular sjølv om Høgre kjem i regjering, seier ho.

 – I partiprogrammet understrekar me at private skular berre skal få godkjenning dersom ein etter ei vurdering ser at dei ikkje øydelegg grunnlaget for den offentlege skulen på staden, forklarar Abrahamsen.  

Ho understrekar at Høgre ynskjer ein sterk offentleg skule, med privatskular som supplement for å sikre valfridom.  

LES OGSÅ: 11.500 på venteliste til vidaregåande

Fryktar overkøyring  
Høgrekandidat Abrahamsen peikar også på at kommunane har rett til å uttale seg når søknadane om etablering av privatskular skal handsamast.  

Vågslid tek ikkje dette som nokon garanti for at dei blir høyrde.

 – Eg lurar på kva det er verdt, når ein ser kva som skjedde førre gong. Telemark fylkesting vedtok i 2005 at ein ikkje ville ha denne type kommersielle skular i fylket, nettopp fordi dei ville truge distriktsskulane. Men då blei dei overkøyrde av Høgre-statsråd Clemet, og det blei planlagt oppstart av 615 elevplassar i Telemark, seier Vågslid.

– Det er klart at hadde desse skulane fått etablert seg ville det vore ein tragedie for skulane våre i Telemark, og både lærarar og elevar var sterkt i mot. Men me vann valet og fekk stoppa det, legg ho til.   

LES OGSÅ: Vil dele elevar etter nivå

Førti nye privatskular  
Solveig S. Abrahamsen (H) seier det aldri har blitt etablert så mange privatskular i Noreg som i løpet av åtte år med raudgrøn regjering.  

– Det er jo eit paradoks. Det er rart at Ap kan kritisere privatskulepolitikken til Høgre når ein ser kva som har skjedd medan dei har sete i regjering, kommenterer ho.

NRK meldte fredag at det har blitt lagt ned ein skule kvar åttande dag under raudgrøn regjering. 370 skular i Noreg er lagt ned dei siste åtte åra. Samtidig har det blitt etablert 40 nye privatskular.  

Stortingsrepresentant Lene Vågslid meiner det blir feil å dra inn dette argumentet i diskusjonen.  

– Det handlar om noko anna. At kommunane har valt å leggje ned desse skulane, har med storleik på miljøet å gjera. Det blir etter kvart for få elevar på mange av dei mindre skulane, og eg meiner det er bra for elevane og fagmiljøa at ein då samlar det, seier Vågslid.  

Ho seier privatskulelova er eit forlik, der ein seier ja til ikkje-kommersielle skular under visse føresetnader.  

– Etter at Porsgrunn kommune vedtok at det ikkje skal vera skule på Sandøya, har det kome ein montessoriskule der. Det er det høve til, når privatskulelova er som ho er og seier ja til ikkje-kommersielle skular. Det er slik dei fleste privatskulane dei siste åra har kome til, seier Vågslid, som ikkje er udelt positiv til ein slik praksis.  

Ho er kritisk også til dagens privatskulelov og seier Telemark Ap ynskjer å stramme inn lova ytterlegare, men førebels ikkje har nådd fram med det i eige parti.  

Les saka i Vest-Telemark Blad!

KVA MEINER DU OM PRIVATSKULAR?