Best på fest med grilldress

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Florø skipar dei laurdag, for åttande året på rad, til det som kanskje må vere noregs raraste festival: Grilldressfestivalen. I fjor samla den godt over 150 deltakarar i grilldress.

Oda Søvig sit i styret i festivalen, og fortel om korleis det heile starta.

– Det var eg og venninna mi som var på campingtur om sommaren, og då oppdaga vi jo at grilldressen var eit vanleg campingantrekk. Grilldressen er jo fantastisk behageleg, men den har fått mykje pepper, så vi fann ut at vi gjerne ville heidre han, fortel ho.

Vips var ideen om ein grilldressfestival fødd.

– Etter det har det berre balla på seg, ler Oda.

LES ÒG: Rockefestival gir tilflytting

Frå 10 til 150
Første året slo dei saman festivalen med Oda sin tjueårsdag.

– Då var det kun ti som møtte opp i grilldress, fortel Oda.

Men jentene gav ikkje opp likevel. Året etter hadde nesten alle på seg grilldress, og i fjor var det som nemnd heile hundre og femti grilldressfestande folk på festivalen.

Og forklaringa på auka?

– Eg trur dei utan grilldress såg kor gøy dei i grilldress hadde det, seier Oda.

Men kva er det som er så bra med nett ein grilldressfestival?

– Antrekket er jo veldig behageleg, det er lett å røre seg i ein grilldress, reflekterer Oda.

– Det vert ei fri, avslappa stemning.

Grilldressen bidreg dessutan med mykje underhaldning i seg sjølv, skal vi tru festivalarrangøren.

– Det jo mykje god underhaldning i ein grilldress, seier ho.

– Dessutan sit latteren ofte laust når folk går i grilldress. Det er jo så herlig harry.

LES ÒG: Største kulturfestival for ungdom

Trubadurmusikk og hageleikar
Men kva gjer ein eigentleg på grilldressfestivalen?

– Hovudaktiviteten er jo grilling, fortel Oda.

– Vi har ein stor grill og flott grillmeistar. I tillegg kjem trubaduren Geir Holm til å spele for oss, og vi vil ha mange kjekke leikar, som ringkasting og badminton, seier ho.

Sist men ikkje minst har dei ei rekke kåringar under festivalen, både for beste grilldress og beste matching.

Og ikkje er dei gnine på det heller, på festivalen. Dei er til og med opne for nye kåringar, alt etter kven som kjem.

– Ser vi nokon som ser ekstra bra ut, finn vi gjerne opp ein pris til dei, seier Oda.

Her er det altså berre å finne fram grilldressen. Grilldressfestivalen finn stad i Florø laurdag 3. august, og du kan melde deg på her

LES OGSÅ: Linda Eide, drilldress eller joggedress?